Latteren sitt laust mellom spikking, måling og presisjon.
Framsida Aktivitetar Lag og foreiningar

Lag og foreningar

Du har få gode grunnar for å ikkje engasjere deg i minst eit av dei godt og vel 40 frivillige laga i Vang. 

Idrett, kultur, landbruk, ungdom, song, musikk, dans, pensjonistar osb. Det meste er dekka godt opp av lagsfloraen i kommunen. Artig bruk av fritid og trygg innpass i eit sosialt nettverk er to av godane ved å engasjere seg i foreiningslivet. 

Frivilligsentralen har ei oppdatert liste over lag og kontaktpersonar til ein kvar tid. Er det for eksempel eit lag eller ei foreining du meiner manglar i Vang? Start opp! Kontakt frivilligsentralen, så får du råd og støtte i oppstarten. 

Vang frivilligsentral

Frivilligsentralen i kommunen er ein møteplass på tvers av bakgrunn og miljø, og formidlar kontakt mellom oss som bur her i Vang. Nokon treng hjelp, og mange ønskjer å hjelpe. 

Kanskje du vil bruke meir tid i lag med andre, treffe nye menneske og setja idear ut i livet? Frivilligsentralen er staden for å realisere dette. Og betalinga er av det bra slaget - gleda over å hjelpe andre.

Frivilligsentralen i Vang er elles av det særs aktive slaget. Dei arrangerar alt frå «eventyrstund» og konsertar til debattar og samtalegrupper i samarbeid med biblioteket. I tillegg til å formidle frivilligheit i stor skala. 

Vang folkebibliotek

Vang folkebibliotek er arena for mange arrangement og utstillingar gjennom året og ein viktig møteplass for mange frivillige lag i kommunen. Alt frå internasjonal kulturgruppe til lesesirkel og skrivegruppe møtast med jamne mellomrom her.

Du finn også bøker, aviser, spel, filmar, musikk, datamaskiner og god service på biblioteket. 

Kontaktpersonar

Marte Tangen
Marte Tangen

Marte er dagleg leiar ved Vang frivilligsentral og dama å kontakte anten du ynskjer å hjelpe til eller du treng hjelp med noko. Ho kan også setja deg i kontakt med lag og foreiningar som verkar interessante.

Send e-post