Vidar Eltun

fredag 18. mars 2016 kl 09:25

God påske
Nyt naturen, nyt varmen og ei appelsin i solveggen

Påsketid er verkeleg høgtid i Vang og i Valdres elles. Då strøymer folket til fjells, og det er ikkje mykje anna som kan glede ein ordførar meir enn å sjå tusenvis med glade ski-entusiastar på bortover og nedoverski og med sol som varmar vinterkalde kroppar. I tillegg kan ein få påskebodskapen også i fjellheimen, sokneprest Weisser syter for det kvar Langfredag i Tyin-Filefjell skiheisar sitt anlegg.

Det er gledeleg at så mange ynskjer å bruke påskeferien i våre fjell og for at flest mogleg skal få glede av dette vinter-paradiset, er ein avhengig av at transporten til og frå går trygt og raskt. Då er ein avhengig av at vegane er tilpassa vår tids transportbehov, og spesielt E 16 er svært viktig i den samanheng. Me treng alle gode krefter no for å få bygd ut hovudvegen mellom Bergen og Oslo i enno større grad. Det byrjar å hjelpe, Filefjellprosjektet er ferdig 2018, Bagn-Bjørgo står klar i 2020 og det er gode prosessar i gang for utbygging mellom Arna-Voss og Hønefoss-Sandvika. Kvamskleiva og Nærøydalen vil bli utbygd etterkvart, medan det ser vanskelegare ut for Fagernes-Hande.

Snøsikre område er ingen sjølvfølgje i våre dagar. Klimaendringar gjer at ein må høgre opp til fjells for å vere sikra gode snøtilhøve. Her kan Vang, Tyin-Filefjell  verkeleg levere og hugs no også på at her er det flotte naturopplevingar i vente når våren og sommaren nærmar seg. Til alle innbyggjarar og fritidsinnbyggjarar i Vang påska 2016; nyt naturen, nyt varmen og ei appelsin i solveggen og me ynskjer kvarandre retteleg god påske!



 

Bildegalleri


Om bloggaren

Vidar Eltun - ordførar (AP), lærar, humorist og fotballfantast er nokre av betegningane som passar godt til sjefen over alle sjefar i Vang.

Vis alle bloggar