Skrive av Ida Østvold - 11. mars 2015
Då var ferien for hippie-mjølkebøndane på Vennis brått slutt! No er det og rote fram tåteflasker, smokkebøtter, gamle handkle og mjølkemaskin.

Då var ferien for hippie-mjølkebøndane på Vennis brått slutt! Slutt på å ligge og dra seg om morgon og slutt med kaffe på senga. No er det og rote fram tåteflasker, smokkebøtter, gamle handkle og mjølkemaskin.

No blir det stort sett og vandre rundt i fjøskle og stinke gamal mjølk og kalvedrit døgnet rundt. Senga og kjøkenet er berre eit sjekkpunkt og matstasjon i mellom slaga før det er ut att for å gjera ein ny innsats! Kalvane kjem!

Vestlandsk fjordfekua Olina var fyrst ut. Vesle kua med dei største jura (slike skulle ein hatt!). Ho esa ut meir og meir for kvar dag terminen kom nærare. Og terminen vart passert med stil, utan noko teikn på noko.

Endeleg, Syndag den 1.mars kom lille Syndag til verda. Ein stor ljos krabat som synes det var greitt å vente litt med å komma ut av mor sin mage. Me var glade han kom, han markerte starten på ei hektisk men triveleg tid. Som den budeia eg er så skal det seiast at det var stor stas då me kunne slå heimemjølk i glaset og for ikkje å gløyme då fyrste forma med kalvedans kom i omnen.

Kva er Kalvedans? Det er ein dessert av råmjølk. Kva er råmjølk? Det er den fyrste mjølka som kua gir (må for all del ikkje forvekslast med rå mjølk, som er vanleg mjølk, berre upasteurisert). Den er djupt gul på farge, tjukk og full av antistoffar, masse protein, feitt og næring til den nyfødde lille. Det er veldig viktig for kalven å få i seg så mykje som mogleg av detta flytande gullet, men er det noko til overs kan me nyta litt av denne skatten me og.

Til kalvedans rørar ein ut litt sukker i råmjølka og sett den i vassbad i steikeomnen eller i ein kjele. Vips er det stiv pudding! Nydeleg som den er, eller med raud saus. Har ein mykje råmjølk til overs er den fin å fryse ned og bruka som eggeerstatning i vaffel- og pannekakerøre. Neste kalving kom allereie dagen etter då Åbjørg og Perlemor la seg ned. Med berre eit kvarters mellomrom kom Perlemor med Svartlamons og Åbjørg med Krossbjørg! Hurra, no vart det skikkeleg barnehage!

Så var det mjølkinga. Olina og Åbjørg har hatt kalv før og kjenner opplegget. Litt krangling høyrer med sjølvsagt, Eg kan levande førestille meg at det er båe ømt og følsamt, så litt protester må me akseptere. Kviga vår derimot, Lille Perlemor, eller Krølla som ho går under sidan ho er like krøllete i pelsen som ein sau, har fått sin fyrste kalv no. Ho var den fyrste kalven som vart fødd her hjå oss i 2012 og me har prøvd å oppdra ho så godt det har latt seg gjera, no står ho altså her og skal få mjølkemaskina på, velse jenta. Det vil ho ikkje! Langt ifrå! Hadde det ikkje vore for at eg har ein roleg, sterk og tøff mann så hadde eg rett og slett ikkje fått mjølka ho. Eg er for pysete og redd for å bli sparka.

Dette dreg meg attende til det håplause spørsmålet som eg alltid dukkar opp når eg strevar med krøtera; Kvifor driv eg med kyr når eg ikkje klarar å handtera dei under vanskelege omstende? Kvifor driv eg ikkje med geit? Eller sau? Eller høner? Det skjer jo, at ei kyr sparkar og det må ein som driv med kyr kunne takle. Eg taklar det ikkje. Eg blir redd, spent og lei meg og det smitter over på dyra som blir usikre på meg og sparkar berre meir. Måten Sigmund er på kring krøtera er motsett, den roar dei ned fordi han er så roleg sjølv.

Eg trur ikkje den guten eig frykt i det heile. Roleg som dagen er lang setter han seg ned, nesten under magen på Perlemor. Og ho prøvar å sparke, men Sigmunds urokkelege arm stenger beherska for foten hennar og ho må berre pent setta han ned att og akseptere det som skjer. Når ho får maskina på trur eg ho likar det, det må jo vera godt å letta litt på trykket.

Kva er problemet mitt tenkjer du kanskje, når eg har Sigmund til å ta støyten? Kva når han eventuelt reiser bort? Den situasjonen kom fortare enn eg hadde turt og håpa på. Allereie fyrste helga etter Perlemor har kalva skal Sigmund på Urfe-seminar i Høyanger! Herregud! Åtte timar herifrå. Korleis skal eg overleva helga? Og eg gråt og ba for meg, men Sigmund sa berre; «det går nok bra, du må jo klare det»! Han forstår meg ikkje. Har forstår ikkje frykt. Klappar meg på hovudet og seier eg er flink. Ha, eg flink? For ein Dust! Tilbake til mitt håplause spørsmål, kvifor driv eg med dette? Kvifor har eg valt meg eit yrke som har noko ved seg som eg verkeleg kvir meg for og som eg ikkje klarar og gjera? Hadde det vore ei anna yrke og det var ei arbeidsoppgåve eg ikkje eigna meg til så hadde nokon som eigna seg betre fått den oppgåva. I vår drift er det berre to tilsette og me må båe kunne utføre alle oppgåvene, spesielt dei som skjer kvar dag og ikkje kan utsetjast.

Kvelden er komen og alle krøtera er mjølka. Berre ikkje Pelemor. Eg står og klør ho på halsen. Kikkar inn i dei svarte auga under krølleluggen. Ho er jo så snill, eg er ikkje redd ho eigentleg. Eg har jo hatt ho springande kring beina mine i to år og ho er så tam det går an å verta. Eg står tett intill ho og stryk ho over ryggen og magen, det går fint. Kjem eg nærare juret så stivnar ho. Ikkje lenge etter kjem foten. Ikkje febrilsk og redd sparking, meir som for å bevise at ho er tøffare enn meg. Og det er ho. Fortvila og lei trampar eg ut fjøsdøra og der står Nils som eig garden og spør om eg treng hjelp! Snakk om å stille eit passande spørsmål! Snakk om å komma i grevens tid! Med eit lite tak i kvigas lårskinn, akkurat ved kneet, skjønar ho at her er det ikkje noe vits i å prøve og tøffe seg og Nils held ho i ro slik at eg kan vaske, prøvemjølke og setta på mjølkemaskina utan stor dramatikk. Så lite skulle til! Takk og pris! Alle bekymringer som hadde tårna seg opp og stengte vegen for mitt vanlege positive og løysingsorienterte Ida-sinn ramla av. Eg var så glad og letta at eg kunne ha kyssa han på staden (men her har du jenta som kan styre seg)!

Eit langt innlegg om noko ganske vanleg som eg trur menge opplever på jobb og elles. Me møter stadig utfordringer som synes å vera håplause. Me blir lei oss og føler oss ubrukelege og satt på feil plass. Me får ikkje til noko. Me er ingenting verdt. Kva hjelper det at eg er flink til det andre når eg ikkje får til dette eine? Det er fort gjort å gjera det verre enn det er når ein fyrst er på kjøret med negative tankar. Men så dukkar det englar som Nils opp, på rett stad til rett tid og gjer det håplause lett som ein leik. På ein måte har eg ikkje løyst problemet mitt, eg tør jo fortsatt ikkje å stelle ei uroleg ku aleine, men kvifor skal eg det? Det er både tryggare og mykje lettare psykisk når ein er to.

Søndag ettermiddag kunne Nils mest stå og sjå på at eg mjølka, men det var likevel ei stor trygd i at han var der. Eg følte meg tøff og flink (Det skal seiast at eg eigenhendig hadde teke imot ein kalv og handmjølka råmjølk til han tidlegare på dagen så sjølvkjensla var på topp)! Ein kan ikkje vera flink til alt. Kvifor skal det faktum at eg er ubrukeleg til å handsame vanskelege kyr setja ein stoppar for meg som kubonde? Det er jo draumejobben min og eg elskar jo kyr! Eg elskar å vera på stølen og yste eiga mjølk. Gjera heile prosessen, både mjølkinga ystinga og etinga/salet. Det gjer meg lukkeleg! Eg må snart læra at dei 0,1% av tida eg føler meg ukvalifisert ikkje kan øydeleggja for dei 99,9% av tida eg føler at eg er beste personen i denne jobben.

Det er ein draumejobb for meg å få drive med dyr og matproduksjon. Det å følgje heile produksjonslina gjer det så meiningsfylt. Eg er ikkje berre eit ledd i eit større maskineri, eg har heile maskina mi her, og det er eg som driv den. Det er dette eg vil leva tå. Det er båe min jobb, min hobby og mitt liv.

Om Ida Østvold

Ida Østvold
Hedmarkingen Ida Østvold har dreve gard med vangsgjeldingen Sigmund Sørum på Sørre Leine i Vang sidan mai 2012. Ho er over snittet interessert i gamle storferaser og har tretten av desse i fjøset. Trur på småskala landbruk og ein større grad av sjølvforsyning, båe lokalt og globalt. Har starta Skutshødn DA, som driv med produksjon av gardsmat, spesielt stølsost.

Bildegalleri

Flere bloggposter fra Ida Østvold