Skrive av Hallgrim Børhus Rogn - 20. mai 2015
Det er ein elg. Temmeleg stor. Han har kome frå jordet, rusla litt i innkøyringa og så teke av den smale gangen vi har måka inn mot huset.


På veg ut til bilen ein trøytt morgon i januar blir eg var spor i snøen rett utanfor inngangsdøra. Spora var der ikkje seint kvelden før, og eg fiklar fram lommelykta (telefonen) for å undersøke saka. Snart kan eg identifisere klauvmerke i djupsnøen, og mysteriet er løyst. Det er ein elg. Temmeleg stor. Han har kome frå jordet, rusla litt i innkøyringa og så teke av den smale gangen vi har måka inn mot huset. Eit par meter før døra går sporet ut i hagen og ned mot elva.

Eg er over snittet interessert i elg. Stor og stilig som han er. Og jaktbar. Eg er dermed temmeleg gira då eg set meg i bilen for å gjere unna dei vanlege ti minutta opp til kontoret. På desse køfrie minutta rekk eg å reflektere litt over livet i Vang. Det å ha ein elg innpå dørhella vert eit godt bilete på kva som er viktig for meg – det meste som betyr noko i livet, er lett tilgjengeleg.

Langrenn: 5 min
Venner: 1 min
Fjellski: Frå døra
Jakt: Frå døra
Arbeid: 10 min
Topptur: 8 min
Stisykling: Frå døra
Familie: 2 min
Fisking: Frå hagen
Sandvolleyball: 4 min
Barnehage: 6 min
Matbutikk: 9 min
Skule: 9 min

Desse tala stemmer, sjølv på vinterføre. Eit argument mot lista er at han fordrar bruk av bil. Men slik er det på bygda. På pluss-sida er det at ein slepp å ta omsyn til kø. Sjølv kvart på åtte om morgonen.

Det er klart, når ein skal sjekke ein broten veslefinger og lyt køyre til Gjøvik, så kjennest det ikkje særleg kompakt å bu i Vang. Men i det daglege, anten du er nokre etterlengta dagar på hytta eller du bur her året rundt, er det mogleg å ha eit kompakt kvalitetsliv fullt av meiningsfylt og kortreist aktivitet i Vang.

Kva meir er det eigentleg ein treng?

Om Hallgrim Børhus Rogn

Hallgrim Børhus Rogn
Med eit stort hjarte for Vang, Valdres og Bygde-Noreg jobbar Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn kvar dag for å bidra til at Vang fungerar best mogleg på flest mogleg nivå. TLF: 412 22 769

Flere bloggposter fra Hallgrim Børhus Rogn