Skrive av Hallgrim Børhus Rogn - 01. april 2016
Like sikkert som at mjølka på bordet kom frå tanken ute i fjøset, var det at kjøtet i panna kom frå frysaren i kjellaren.

Det lyt ha vore ein gong på mellomsteget. På vitjing hos ein kamerat etter skuletid vart eg vitne til at ei firkanta pakke kjøtdeig vart spretta opp og velta over i panna. Litt seinare sat vi og åt klassikaren «kjøtdeig og ris». Kjøtet var greitt nok det, absolutt. Sjølv om det var hakket meir vassent og absolutt annleis enn kva eg var vant til. Det er ikkje poenget. Poenget er at dette er fyrste gong eg minnest å ete kjøtdeig frå butikk.

Gjennom oppveksten var det nemleg ikkje butikken som stod for kjøtet heime. Det var skogen. Like sikkert som at mjølka på bordet kom frå tanken ute i fjøset, var det at kjøtet i panna kom frå frysaren i kjellaren. Etter fyrst å ha vorte skote i skogen, mørna på låven og skore ned på kjøkenbordet. Det var ureist kvalitetsmat. Og det var det mest naturlege i verda.

Denne kulturen for å eta det heimstaden byr på, har levd i beste velgåande i Vang og Valdres heile vegen. Det kan vera difor vi no er frampå og deler dei produkta nokre av oss alltid har hatt tilgang til, med resten av verda. Nokre i liten skala. Andre i stor stil. Alle like viktige!

Trenden er nemleg udiskutabel. Mat av god kvalitet, med ei historie og helst ei forankring til plassen du oppheld deg på, har gått frå å vera for dei spesielt interesserte til å vera trend. Og sjølv om mange i Vang ikkje skal ha det på seg å vera særleg trendsensitiv, så torer dei i alle fall no å fortelje at dei har eit produkt å selje. Som regel eit særs godt produkt. Det er kjøt, ost, te, kurv, mjølkeprodukt og bakst. Mellom anna.

Men kvar får du så tak i all denne lokale maten? Prøv eteplassane i Vang. Fleire gjer som Michelin-restauranten Maeemo og nyttar mykje lokalt. Til og med hamburgarane i Varmestøga i skiheisen er frå oksar som har beita i Vang. Og prøv butikkane – nokre har mykje, andre kan ta inn meir om du masar. Alt av produsentar i Vang er også samla på nettstaden vangivaldres.no. Ta kontakt med produsenten og avtal levering direkte eller finn dei på diverse marknadsdagar gjennom året.

Om Hallgrim Børhus Rogn

Hallgrim Børhus Rogn
Med eit stort hjarte for Vang, Valdres og Bygde-Noreg jobbar Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn kvar dag for å bidra til at Vang fungerar best mogleg på flest mogleg nivå. TLF: 412 22 769

Bildegalleri

Flere bloggposter fra Hallgrim Børhus Rogn