Skrive av Ida Østvold - 05. oktober 2015
Krøtera tek seg gjerne tid til å helse på og slå av eit mø med kafégjestane, til stor begeistring for dei sistnemnde.

Historia bak Mugnetind kafe er ganske kort. Det starta med at Evert, ein klassekamerat av Sigmund og meg frå jordbruksskulen i Aurland, hadde lyst til å koke brunost av mysa etter ystinga. Me lagar kvitost på stølen men mysa har me ikkje gjort noko med, så det var gledeleg då nokon såg råd for å hjelpe oss med «avfallsproduktet». Me har så vidt prøvd oss på brunostkoking før, så me var einige om at det måtte bli utandørs med jerngryte og vedfyring. «Då må me jo ha eit tak over, så det ikkje regner nedi osten» sa Evert. Grindbygg hadde me vore borti på skulen så det skulle me klare og bygge sjølv. «Kanskje me kan lage det litt større så det blir plass til og lagre ting under tak og?» sa Sigmund «Eller kanskje me kan selja kaffe og ost?» sa Ida.

Mai kom og Evert dukka opp. I lag med Sigmund gav han seg i kast med motorsag og furu. Ikkje lenge etterpå meldte det seg eit behov for å sage tømmeret og slik gjekk det til at det kom sag til gards. Kjekt å ha! Mange hender var i sving på Leine denna våren og grindbygget tok smått om senn form.

Godt ut i juli, når buføringa var vel unnagjort sneglar to tungt lasta bilar med hengar seg opp Slettefjellvegen. Det ser kanskje ut som dei køyrar tømmer til fjells…? Den eine stoppar halvvegs, det går ikkje lenger. Nummer to lesser av og kjem nummer ein til unnsetning og så kjem det grindbygget bit for bit på plass på Mugnestølen. Vel tre veker tek det å få det på plass og Mugnetind kafé opnar dørene… Det vil seie; dører er kanskje det siste dette bygget fekk! I starten var det veldig luftig inni det opne bygget. «Vi er Norges mest åpne kafé!» sa Evert. Vinduer i endeveggen kom raskt på plass og tettingsarbeidet har pågått i heile sommar. Stadig utbetringar og snekkering.

Kaféen vart godt motteke og me har til tider hatt svært mange besøkjande. I tillegg til kaffe og kvit og brun ost har me selt kvikako og rummegraut av eiga rumme. Ikkje-reist mat er eit fint omgrep om maten me laga her. Mykje av den har ikkje reist lenger enn frå fjøset via separatoren til kaféen. Eit strekke på maks 50 meter om ein går krok og sving.

Ein av dei største fordelane me har mot dei store produsentane er at me kan bruke mjølka heilt fersk og då får ein dei beste og tryggaste produkta. Det er ikkje mange skumle bakterier som har tid til å utvikle seg i mjølka når den har vorte til ost allereie eit par timar etter mjølking.

Krøtera tek seg gjerne tid til å helse på og slå av eit mø med kafégjestane, til stor begeistring for dei sistnemnde. Me har ikkje sett opp gjerder. Me vil ikkje stenge av for friheita og utsynet. Kjem ein til fjells skal ein få nyte det opne landskapet. At det blir litt kumøkk å spa vekk og litt krøtterleg selskap i kafeområdet skal me då saktens tole. Det er òg ein del av opplevinga, og dette tek me sjølvsagt ekstra betalt for (vits).

Me får ofte høre: «så vakre kyr dere har, hva slags kuer er det?» Det varmar eit hjarte som bankar for dei gamle norske storferasene. «Detta er to av dei opprinnelege norske kurasane» svarar eg då. «Tre av dei er Dølafe, med opphav i dalstrøka østafor, Gudbrandsdalen, Østerdalen og på Hedemarken. Dei siste sju er av rasa Vestlandsk fjordfe.

Dei har rett, kafégjestane våre; dei er vakre. Eg er ikkje så lite stolt då eg på tur heim til mjølking vandrar fremst i ei lang, lang rekkje med horna, kolla, brune, kvite, raude, krøllete, strihåra, droplete, enlette, små, gyldne kyr i ettermiddagssol.

Me runder toppen på Mugnestølen og ser ned på Kaféen. Der sitter det enno to gjester med kvar sin rummegrauttalik og dampen står frå brunostgryta der Evert står og rører og passer på. Det er snart sluttrøring og då kan han ikkje gå ifrå gryta. Han skrøner med gjestene, seier han må legge på prisen no når dei fekk så fint ver. Dei ler høgt.

Sola skal vera oppe ei stund til. Det blir sikkert varmt mellom solvarme kyr i fjøsen. Trur eg må ta med Evert`n på ein dukkert i Raftetjednet i kveld. 

Om Ida Østvold

Ida Østvold
Hedmarkingen Ida Østvold har dreve gard med vangsgjeldingen Sigmund Sørum på Sørre Leine i Vang sidan mai 2012. Ho er over snittet interessert i gamle storferaser og har tretten av desse i fjøset. Trur på småskala landbruk og ein større grad av sjølvforsyning, båe lokalt og globalt. Har starta Skutshødn DA, som driv med produksjon av gardsmat, spesielt stølsost.

Flere bloggposter fra Ida Østvold