Runar B. Baatevik

fredag 07. april 2017 kl 14:18

Postkort frå Røyrvik
Dei negative faktorar, eliminasjon eller synergi?

Eg hadde beregna tre dagar på å koma frå Nordli til Røyrvik. Det vart nesten fem. Eg hadde valet mellom bratt terreng med tett skog, bar grusveg, eller potensielt usikker is på Limingen, ein av Norges største regulerte innsjøar etter ein periode med mildver.

Ingen av delane freista. I tillegg begynte det å bli på tide med ein kviledag. Eg valde ein kombinasjon, i håpet om dei negative faktorane ville kansellere kvarandre. I staden vart det synergi og addisjon, det vart rett og slett slitsamt.

Regnver satt så ramma for noko dårlig stemning. Eg gjekk ganske enkelt tom for energi. Mat og søvn hadde eg nok av, men kroppen ville kvile (og so va det noko med felelæta).

"Fortsett, fortsett"!

Tankene gjekk til den gongen eg sykla Takesi-stien i Andesfjella i Bolivia. Med dårleg utstyr og for lite mat sykla eg saman med Joe Cruz frå New York som eg møtte eit par veker i førevegen. Med ein hødgeforskjell på om lag 3000 meter var det nedtur å gå tom for mat allereie før vi var over fjellpasset på nærare 5000 meter.

Det einaste eg hadde var noko hermetisert fisk full av bein og litt ris. Den oksygenfattige lufta sløra tankane. I slike situasjonar er det ingen veg tilbake, og eg går inn i rein vandremodus.

Ingen ekstra krefter brukast, tankane kretsar kun om å koma seg fram. Eg repeterer for meg sjølv: “Fortsett, fortsett!” I Andesfjella kom eg meg gjennom passet og lot det stå til nedover den stien som no var blitt til ein dårleg veg på andre sida.

Det var lykke å koma til neste vesle landsby, for å fylle opp lagra att. Området her heime er mindre øyde, men det er ikkje mange husa langs vegen, og nesten ikkje bilar. Å spørre om hjelp kom ikkje på tale, eg laut halde fram.

Til Røyrvik og grill-lunsj!

Ikkje før eg har såvidt komen inn til Røyrvik blir eg invitert på grilling! Nokre lokale har laga seg til med bål og grill og greier for lunsj.

Etterpå gav Geir Flakken meg ein liten omvisning og kunne fortelja at han ofte får prate med nokre som går Norge på langs, vi kjem rett forbi kontoret hans.

Vidare tok eg ein tur innom Kent på Visit Børgefjell, og fekk mykje god informasjon om fjella. Grunna mykje skiftande ver i vinter er det lagdelt snø, og med mildværet i det siste er det stor snøskredfare. Det betyr at eg må vera ekstra forsiktig med skrått terreng, men med pulk gjev det seg nesten sjølv.

Til slutt enda eg opp på Gjestegården, kor det er både god mat og trivelig og hjelpsom betjening. Eg fann hurtig både horisontalen og fjernkontrollen. Batteria må ladast før Børgefjell!

................................................................................................................................................

Runar Baatevik går Norge på langs for å samle midler til "Tak til Haiti" Du kan lese mer om saken her, og følge reisen på bloggen hans! 

Bildegalleri


Om bloggaren

Etter mange år utanfor Norges grenser, har Runar kome tilbake til gamlelandet, og byrja med ein skikkelig langtur. Dei neste månadene skal han gå Norge på langs frå Lindesnes i sør til Kinnarodden i nord. Runar er lege og har dei siste månadene jobba med flyktningar i Hellas, og vore involvert i nødhjelpsarbeid i fjellheimen i Haiti etter orkan Matthew. Sjølv fleire månader etter orkanen er mange utan husly, og turen vil derfor sette fokus på innsamlingsaksjonen “Tak til Haiti!” Følg turen på bloggen: www.runarbatevik.wordpress.com!

Vis alle bloggar