Erlend Eggen

søndag 23. oktober 2011 kl 14:52

Rastløyse
Eg lyt ut av Oslo

Rastløysa har kome snikande på meg det siste året. Eg klagar på for lite tumleplass, kjenner trongen til å slå me ljå, og ender opp med timar i Oslomarka på jakt etter noko som minner om ei slags villmarkskjensle.

Alt tyder med andre ord på at eg lyt koma meg ut i distriktet, og det litt brennkvikt. Eg er heldigvis ikkje den einaste bygdeguten sør for Sinsenkrysset. Om ein tek seg tid og stoppar opp så kan ein kjenne fjøslukta koma snikande, på Torshov er det nemleg tett mellom vangsgjeldingane.

Kvardagen i Oslo har sine oppsider og nedsider, men med mykje lunkent øl og lumske kjemiske blandingar i nabolaget er ikkje oppvekstvilkåra for framtidige smårollingar dei beste. Bilbrannar, rotter og kakkerlakkar er andre erfaringar som talar for snarleg heimreise.

Med slike omstende er busetjingsmønstret til Vangsgjeldingane på Torshov av kjærkomen natur. Dei korte avstandane har gjort at me har klart å halde i hevd ein betydeleg dugnadsånd som har kome fleire av oss til gode. Det har vore antydning til i overkant ivrig kaffedrikking med både bakst og knert attåt. Det har gått så langt at eg og mi kjære har teke oss fridomen å ringe på dørklokka til naboane utan at dette har vore avtalt på førehand.

No når rastløysa har funne veg inn i kroppen og sett meg på tanken om eit betre liv mellom Heensfjellet og Hugakollen, så har eg og eit stort ynskje om at dugnadsgjengen og den gode stemninga på Torshov slår følgje. Eg har sålangt ikkje sett snurten av ei einaste banankasse og slik sett er det lite som ber bod om snarleg heimflytting. Men om nokre av oss skulle fremje forslag om heimreise kan det fort fylgje eit kobbel av bygdisar like bak. Kanskje må eg berre bite i det sure eplet og vera den som raslar med kraftforet på veg oppover Begnadalen.

Denne teksten vart ført i pennen nokre veker før Erlend tok steget og flytta frå Torshov til Vang. 

Om bloggaren

Erlend Eggen flytta heim att til Vang for å sykle mest mogeg, vera mest mogleg på ski og drive bedrifta TurApp til nye høgder.

Vis alle bloggar