Marit Andrisdotter Kvam

mandag 06. mars 2017 kl 09:07

Ungdom og grisgrendte strøk
«De frå Vang er så stolte av nettopp Vang».

Det at Valdres ikkje er på tvangslista til regjeringa er ein veldig god nyheit – vertfall for meg som vangsgjelding, det Vang og fleire av dei andre Valdreskommunene ynskjer gjeld, og demokratiet sigrar.

I haust begynte eg på Valdres VGS, og vart hybelbuar, på grunn av reisetid. Sjølvsagt går det ann å bu heime og, men det er lite gunstig å kjøre to timar med buss tur/retur for å komma seg til skulen.

Det er tre ting som har vorte sagt til oss frå Vang ofte etter vi begynte på vgs; «Det er så langt til Vang», «Bur det folk der da?» og «De frå Vang er så stolte av nettopp Vang.» Eg er veldig sikker på at dei fleste ungdommane frå heile Valdres er stolte over nettopp sin heimstad, og det er ikkje nødvendigvis slik at alle ungdommar frå Vang er stolte over Vang heller. Men eg trur det å være stolt over staden ein kjem frå handlar om tilhørigheit, tilhørigheit til heimstaden, det å vete at ein har noko å komme heim til etter ein er ferdig med utdanning. Det at ein ser at bygda er levande hjelper, uansett kor langt vekk det er frå «alt anna» og kor «grisgrendt» det er.

Ei storkommune ville, som veldig mange andre har sagt, ført til sentralisering. Kanskje ikkje dei fyrste åra – men innan eit par år ville det meste vore på Fagernes og i områda rundt. Det ville ikkje vore igjen mange kommunale arbeidsstader i utkantane, og skulene ville nok sakte men sikkert også ha vorte lagt ned.

Dette er kanskje ein pessimistisk tankegang, men om ein ser til andre stader i landet, så er det fleire stader det ikkje er igjen skuler eller folk under pensjonistalder i. Dette er verkeleg noko eg håpar ikkje skjer i Valdres. Om heile regionen får leve, og ikkje berre sentrumsområda, det har fyrst og fremst regjeringa sagt ja til, vertfall ei stund framover. Eg vil også tørre og påstå at dei yngre generasjonane verkeleg er med på å bestemme dette, for om ingen unge flyttar heim, så vil dette også være ein sentraliseringsprosess over lengre tid.

Eg trur det at vi ser at andre unge flyttar heim og får til ting i heimbygda gjer at ein skjønar at det faktisk er eit trygt val og komme tilbake i framtida. For å sette ting i endå større perspektiv, så er det ikkje mange som vil ha Oppland og Hedemark som eit fylke, som den utkanten Valdres er, så er det ikkje gunstig i det heile tatt. Vi vil jo at regionen vår skal fortsette og leve, og når Valdres då vert endå lenger vekk frå alle fylkessentrum, så vert vi endå meir utkant enn vi allereie er – og vert distansert frå alt, og Valdres vert mindre attraktiv som gjer at det kanskje skjer ei avfolking. Dette er ein lite ynskjeleg situasjon.

Det er viktig å gjere at folk flyttar til alle kommunane i regionen, og det er viktig å gje unge ei kjensle av å høyre til i heimkommunen. Det å sjå ei framtid der ein har vakse opp er kanskje noko av det tryggaste ein kan kjenne, uansett kvar ein kjem frå. Og det er kanskje akkurat dette som gjer vi frå Vang er så ekstra stolte, sjølv om vi er ekstra langt vekk, så er det mykje å kome heim til så lenge vi ikkje vert slått saman med andre. Om ein lokkar ungdommen heim til dei grisgrendte strøka og let dei få være med å skape, bygge vidare og sette preg, så let ein bygda leve lenger.

Teksten har også vore publisert hjå Avisa Valdres.

Bildegalleri


Om bloggaren

Etter ein aktiv oppvekst på mjølkebruk i Kvamsrone ved foten av Hugakøllen er Marit Andrisdotter Kvam no hybelbuar på Fagernes og engasjert elev på Valdres vidaregåande skule. Ho skriv, les, spelar, står på scena og er ute på tur med vener og familie. For å nemne noko. På vangivaldres.no delar ho sine eigne tankar om ungdomstid og bygdeliv.

Vis alle bloggar