Eirik Høyme Rogn

onsdag 09. november 2011 kl 12:14

Ut av tåkeheimen
Openbaringar frå ein dagpendlar

Livet som dagpendlar til Fagernes fører med seg nokre openbaringar. Felles for alle er at dei gjer meg viss om at eg har hamna på rett plass.

Stort sett handlar desse openbaringane om temperaturforskjellar. Medan Fagernes - og resten av dalføret - kavar på nullpunktet, kan det plutseleg vera 10 grader i fjellbygda Vang. Heilt topp for ein vangsgjelding som ikkje er nevneverdig begeistra for minusgrader. Enno betre blir det utpå vinteren, når det er 20 minus utanfor kontoret, og fem pluss heime i vakre Vang. Det skal ikkje meir til for å glede eit hustrint vangshjarte.

For nokre veker sidan såg eg noko som Knut Jørgen Røed Ødegaard misunnar meg for framleis. Steinar som fell ned frå skyene og lyser opp er ikkje kvardagskost. Rettnok høyrer det med til historia at eg til evig tid må leva med å faktisk ha sett lyset i Røn, men det får eg berre bite i meg. Eg trøystar meg med at det var på veg heim til Vang.

Den siste openbaringa handlar om tåke. På veg heim frå jobb i går kveld, og på veg attende i dag tidleg, var tilhøva akkurat likedan. Tjukk tåke heile vegen frå Fagernes til Lomen, men akkurat i det eg passerer kommunegrensa ved Ryfoss lyser ein stjerneklar himmel mot meg.

Just sayin'...

Dette innlegget vart skrive i tida Eirik dagpendla frå Fagernes til Vang.

Om bloggaren

Eirik har den gode kombinasjonen av iderikdom, gjennomføringskraft og eit brennande engasjement for Vang. Han er no i eit kort arbeidseksil på Lillehammer før han gjer Vangsgjelding av seg for godt.

Vis alle bloggar