Hallgrim Rogn

tirsdag 16. september 2014 kl 13:57

Vi beheld vinteren
Ei historie om ein bomtur som opna auga

I starten av februar sette eg og den mest faste av skikompisane oss i bilen og køyrde frå Vang til Gardermoen. Derifrå tok vi fly til Sofia, hovudstaden i Bulgaria, før reisa vart avslutta med ein tomtimars busstur med innlagd «junkfood-stopp». Så var vi der. Endeleg! I Bansko. Pudderparadiset over alle pudderparadis. Kjent får skifilmar, kulørt skipresse og bloggpostar på verdsveven.

For ein total nedtur det skulle verta!

Eit fint fjell, bra mat, eit symjebasseng og ein liten fest då og då heldt motet oppe gjennom heile den druge veka turen vara. For borte var all den djupe snøen. Heilt borte. Litt sløsj, mykje skare, fleire solgløtt og generelt heilt forferdeleg føre var det vi fekk.

Samstundes hadde Tyin–Filefjell tideanes januar og februar. Nysnø nesten kvar dag og  stabilt med minusgrader.

Ikkje veit eg kven av oss to vangsjgeldingane som var mest bitre. Greitt nok med dei som hadde teke turen frå Oslo. Der var det same kva ein møkkavinter. Vi derimot...

Ei oppleving som dette tvingaer fram nokre refleksjonar hjå ein djupsnøglad skikøyrar. Mange reflfeksjonar. Eg skal ikkje gå i detalj på destruktive tankar kring eigen stupiditet over det å forlate Vang denne veka – men den største erkjenninga fortener litt plass her. Og den er at «vår eigen» Tyin–Filefjell er ein destinasjon for framtida. Med sesongslutt i starten av sumarmånaden juni og toppstasjon på 1280 moh. er vi innanfor.

Godt innanfor.

Vi beheld vinteren vår der mange andre mister han. Utan skadefryd (klimaendringane er for seriøse til at ein kan koste på seg det) meg innrømme at det kjennest 
godt. 

Djupsnø på Tyin–Filefjell er nemleg eit gode eg ikkje vil leve utan.

Om bloggaren

Etter nokre år utanfor skigarden er journalist og sprettball Hallgrim Rogn tilbake i Vang der han no har fått draumejobben som Innovangsjonsminister og kan jobbe fulltid for å gjera Vang til ein attraktiv plass å bu. TLF: 412 22 769

Vis alle bloggar