Nyheit

17. mai i Vang

  Nyheitsarkiv
15. mai 2018
17. mai i Vang. Foto: Oddvin Almenning.
Sjekk programmet her

Velkommen til 17. mai feiring i Vang, Høre og på Åsvang.

Kl. 09.00 Fjellblom musikklag spelar under flaggheising ved Heensåsen kyrkje.

Kl. 10.30 Festgudsteneste i Vang kyrkje ved sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland.
Høre mannskor deltek.

Kl. 11.15 Organisering/oppstilling av 17.mai-tog.

Kl. 11.30 Tog frå Vang kommunehus –Banken – sørover E16 - Vangsheimen – VBU. Stopp ved Vangsheimen med korpsmusikk og tale for dagen ved Elisabeth Sparstad.

Vang

Kl. 13.00 Servering av kaker og kaffi. Sal av pølser, is og brus. 17.mai-leikar, trekning av gevinst på inngangsbilletten. Tale for dagen v/7.klasse.
Inngang: Vaksne kr 50, barn gratis

Åsvang

Kl. 13.00 Fjellblom musikklag spelar. Feiring med traktering, sal av pølser, is og brus, tale for dagen og underhaldning.
Inngang: Vaksne kr 100 (kontantar), barn under 16 år gratis.

Høre

Kl. 13.30 Servering av rundstykke, pølser, kaffi og kaker. Underhaldning. Tale for dagen v/7.klasse. Uteleikar med premiering til barna.

Kl. 15.30 Trekning av gevinst på inngangsbilletten.
Inngang: Vaksne kr.100,-, barn under 16 år gratis.