Nyheit

30 stillingar i Vang

  Nyheitsarkiv
08. jul 2018
  • Breidde i arbeidsmarknaden, topp oppveksttilhøve og enkel tilgang til meiningsfylt kvardag er stikkord for Vang i 2018. Foto: Cathrine Dokken Belsheim
  • Vang har nybygd sentralskule med fornuftige klassestørrelser, kompentente lærarar, klatrevegg, terapibasseng og bevisst satsing på friluftsliv.
  • Alle nye sambygdingar vert bedt med på Fredagskos (fest) saman med resten av bygda etter dei flyttar til Vang. Her frå festen no i juni.
  • Hus under bygging og handverkarar og entrepenørar i arbeid - ein av fleire grunnar til at mange rekrutterar no.
  • Tveitabru bygg satsar nasjonalt og rekrutterar folk til fleire stillingar no.
Her er oversikten

Privat næringsliv i fjellkommunen Vang går på høggir om dagen og over tretti stillingar er no på marknaden. 

Vang i Valdres

Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på den greie kombinasjonen av «vestlandsfjell» og «austlandsklima». Dette er heimen til fjellfestivalen Vinjerock, to tamreinlag, to skisenter, 1600 innbyggarar og nesten like mange hytter. 

Kommunen har sjølvsagt full barnehagedekning, mens skuleelevane er samla på splitter nye Vang barne- og ungdomsskule. Her er eit topp moderne skuleanlegg med fleirbrukshall, klatrevegg, kulturskuleavdeling og terapibasseng. Kombinert med fornuftige klassestørrelser, kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell tørr vi påstå.

Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk, næringsutvikling og blest med eit uttalt (og hårete) mål om 1724 innbyggarar i kommunen innan 2020.

Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).

Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).

Ellers finn du det meste av det du treng å vite om bustad og bygda ellers her på vangivaldres.no.

Ta også ein titt innom Vang sin Facebook-side eller Instagram-konto for å sjå kva som rullar i Vang om dagen.