Nyheit

«Alle» satsar i Vang

  Nyheitsarkiv
06. jun 2018
  • Ordførar Vidar Eltun informerte om smått og stort frå heile kommunen under næringsfrukosten.
  • – Ringverknadane av kultur er større enn ein tenkjer over, var noko av bodskapen til Ragnhild Lund frå Location Vang.
  • Ny sals- og marknadssjef hjå Ryfoss Betong; André V. Nilsen.
  • Monter Kvismo byggjer på og satsar på nøgde kundar, kunne dagleg leiar Kjell Magne Kvale fortelje.
  • Næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot er involvert i mange av prosjekta som vart lansert under næringsfrukosten.
  • Festivalsjef for Vinjerock, Julie Forchhammer kom med nokre oppdateringar til dei frammøtte på næringsfrukosten i Vang.
Mykje nytt på næringsfrukost

Fleire av dei største arbeidsplassane i Vang gjer storinvesteringar for å auke omsetjing og sysselsetting, samstundes blomstrar blant dei mindre aktørane.

– Dei investeringane som no er i gang vil resultere i 20-30 nye årsverk i Vang dei neste åra. I første omgang betyr at vi køyrer ut ny jobbkampanje i månadskiftet juni/juli for å starte rekrutteringa, innleia næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot næringsfrukosten onsdag med.

Aktiv ordførar

Som vanleg var ordførar Vidar Eltun fyrst ut på presentasjonslista og gjorde ei samanfatning av alt som skjer frå Eidsbugarden til Ryfoss.

– Eg kunne stått og prata her heile dagen om alt som er på gang, men eg får prøve å halde det overordna.

Han held ord og svinga innom alt frå reguleringsplanar på Eidsbugarden, Tyinkrysset og Ryfoss til veg, tunnel, catskiing, fiber og 4G-dekning.

Også rådmann Reidar Thune tok ordet og minna alle bedrifter på å gjera heimeleksa si i høve til GDPR-direktivet som trådde i kraft i slutten av mai.

– Alle tener på ein campingturist

Bøflaten camping ferdigstiller i desse dagar ein omfattande oppgradering. Tre nye feriehus, landets beste sanitæranlegg, ny resepsjon og ein gapahuk med plass til 30 personar er noko av det nye.

Vi stod ved eit vegskilje, skulle vi la elva renne ut eller skulle vi satse? Vi falt ned på det siste og har stått på saman med mange av dykk rundt bordet her sidan januar. Denne helga får vi besøk av 150-200 motorsykkelentusiastar til «stivrammerally», så no gjeld det å få på vatnet i dusjane i løpet av morgondagen, fortalde Joar Rye frå campingen.

Dei investerer fleire millionar kroner no og har både næringsfondet i Vang og Innovasjon Norge med på laget.

Det er viktig og motiverande med støtte. Ein blir litt ærbødig, og vi prøver å dytte mest mogleg av pengane som er innom oss ut att til lokale handverkarar og bedrifter. Det samarbeidet og den haldninga vi har møtt lokalt her er uvurderlig i arbeidet vi no legg ned i utviklinga av campingen, sa han.

Ein campinggjest legg i snitt att litt under fem hundre kroner på overnatting og handling hjå campingplassen kvart døgn. I nærområdet legg dei att nærmare 1700 kroner.

– Vi tener sjølvsagt på alle besøkande, men det er alle dykk andre og resten av det lokale næringslivet som tener aller mest. Difor er det så viktig at vi gjer kvarandre gode og får gjestene til å verta den ekstra natta, avslutta Rye.

Tre store blir større

Vang Autoservice AS, Tveitabru bygg AS og Monter Kvismo AS er alle offensive og store arbeidsplassar i bygda og regionen. No investerer alle tre store summar.

Vi skal få meir under same tak for å gjera kvardagen lettare både for kundane våre og for oss tilsette, sa dagleg leiar ved Monter Kvismo, Kjell Magne Kvale.

Dei nye lokala opnar 22. juni litt uoffisielt, før det vert ein større opningsfest til hausten.

– Vi har også fått inn to solide kvinner i staben no og med alt på plass er vi godt rusta for å ta godt vare på alle typar kundar som kjem innom oss for å handle, avslutta Kvale.

Både Tveitabru Bygg og Vang Autoservice var ute i kundemøter under næringsfrukosten og hadde ikkje høve til å møte sjølv. Næringsutviklar Dag Inge Bruflot informerte kort om båe satsingane og vi kjem sjølvsagt attende med meir seinare.

Fleirårige fondsmidlar?

Som nemnt er næringsfondet i Vang skrapa før halve året er gått. Det er ikkje tomt for gode næringsidear og dette vart teke opp til diskusjon.

– Administrasjonen har eit forslag til kommunestyremøtet 14. juni som går på å gjera fondsmidlane meir fleksible ved å disponere fondsmidlar over ei fireårsperiode. Då slepper vi ein situasjon der gode tiltak lyt vente til over nyttår med å gå i gang, og vi trur det kan vera ei god løysing, sa rådmann Reidar Thune.

Location Vang lanserer

Under StartUppValdres i fjor haust lanserte Ragnhild Lund ideen om Location Vang der konseptet er å dra reklame- og filminnspelingar til regionen. No nærmar det seg lansering av konseptet og ho var tydeleg til dei frammøtte om ringverknadane av filmproduksjonar.

Det er vanvittig mykje folk med på ein filmproduksjon og den «vi fikser det»-haldninga som pregar Vang er sånt som filmprodusentar elskar. Når ein i tillegg har «locations» til alle typar innspelingar innanfor kommunegrensa ser eg ingen grunn til at ikkje Vang skal dra til seg produksjonar, sa Lund.

Nytt fjes hjå Ryfoss Betong

Frå Ryfoss Betong var den nye sals og marknadssjefen André V. Nilsen på plass. Han byrja i mars i ei bedrift med høgt aktivitetsnivå.

Fleire av dei store vegprosjekta vi har leveranse på nærmar seg slutten. Vi er med andre ord offensive om dagen og prøver å kapre dei prosjekta vi kan. Samstundes skaffar vi oss fleire bein å stå på og har nye produkt på gang, fortalde Nilsen.

Den tidlegare dataingeniøren som er busett i Nord Aurdal har mellom anna vore involvert i ei særs vellykka utbygging på Sanderstølen før han byrja i jobben hjå Ryfoss Betong.

Oppgradering på Tyin

Svejistølen ved Tyin er inngangsporten til vår del av Jotunheimen og har hatt ei skjemmande bygningsmasse i mange år. No har Kjell Gudmund Svien og Asgrim Opdal i lag med «Opdalstølen og Øysterlie utmarkslag» teke tak i situasjonen.

– Vi har rydda opp i eigeforholda og skaffa avtalar som gjer at vi i lag med utmarkslaget kan ta grep i området. Til årets Vinjerock vert sjølve Svejistølen reve, og vi har på plass automatbom for å handtere parkeringa til vinteren. Vi har også god dialog med Jotunheimen og Valdresruten bilselskap (JVB) og håpar dei tek eigarskap til eit servicebygg for reisande og fjellfolk på plassen, fortalde Kjell Gudmund Svien.

Avslutningsvis tok festivalsjef Julie Forchhammer ordet og informerte om kva «landets mest populære kulturarrangement» har på blokka om dagen, og gav samstundes honnør til alle lokale samarbeidspartnarar. Næringsutviklar Dag Inge Bruflot informerte også kort om årets versjon av idekonkurransen StartUpp Valdres.