Nyheit

Barnehagane i Vang stiller ut

  Nyheitsarkiv
15. mai 2017
Syner fram kvardagen i barnehagen

Onsdag 24. mai kl 13 blir det opning av ei utstilling utanom det vanlege i galleriet på Vang folkebibliotek. Då er det nemleg barnehageborna som er både kunstnarar og motiv.

- Barnehagekvardagen kan til tider vera hektisk, men jammen er den óg fantastisk og unik. Ingen dagar er like, og det likar vi. Barnehagane har forskjellige tema som dei jobbar med igjennom heile barnehageåret, og vi ser fram til å stille ut nokon av desse tema, seier barnehagestyrar Yvonne Solemsli.

Utstillinga har fått namnet "Kvardag i barnehagen". Fredheim barnehagen skal stille ut «Verdsrommet», som dei har jobba med over lang tid, Høre barnehage presenterer sitt prosjekt «Ormen den lange», og Øye barnehage har hatt eit prosjekt om naturen som dei vil syne fram.

- Eg vart veldig glad då ideen kom frå barnehagen. Det er fint å bruke galleriet til å vise fram ulike delar av dagleglivet i Vang, og å trekke inn nye målgrupper, seier utstillingsansvarleg ved biblioteket Marianne Isachsen.

Ho lovar ein ekte vernisasje, med høgtidleg opning og bollar og saft. Alle som vil er velkomne på opninga, eller seinare i biblioteket si opningstid.

Utstillinga vil henge til midten av juni.