Nyheit

Bøflaten Camping vil doble besøket

  Nyheitsarkiv
08. jun 2018
  • Rene van den Berg og Joar Rye er klare med tre nye feriehus på Bøfalten Camping frå starten av juli.
  • Endre Lunde og dei andre eldsjelene som arrangerar «Nordisk stivrammerally» er klar for storinnrykk på Bøflaten camping denne helga.
  • Patty og Sharon Berg er klar for å ta i mot gjestar i det nye resespsjonsområdet på Bøflaten Camping denne sumaren.
  • Enkel mat, kunsthandverk, kioskvarer og mykje god informasjon om aktivitetar i området er kva du får i den nye resepsjonen.
  • Størrelse og standard gjer at dei nye bygga klassifiserar som feriehus framfor campinghytter.
  • Utsynet frå dei nye feriehusa.
  • Hektisk aktivitet på alle frontar før i veka.
  • Hotellstandard på det nye sanitæranlegget.
  • Kun skalet på sanitæranlegget står att - alt inni er nytt.
  • Her er plass til 25-30 under tak.
  • Gapahuk i 100% bjørk er sett opp nede ved vatnet.
  • Rene og Joar diskuterar investeringane og framtida for Bøflaten Camping.
Store investeringar til denne sesongen

Tre nye feriehus, landets beste sanitæranlegg, ny resepsjon og ein gapahuk med plass til 30 personar er noko av det Bøflaten Camping har investert i dette året.

– Vi stod ved eit vegskilje, skulle vi la elva renne ut eller skulle vi satse? Vi falt ned på det siste det har stort sett gått i eit her sidan januar. Denne helga får vi besøk av 150-200 motorsykkelentusiastar til «stivrammerally», så no gjeld det å få på vatnet i dusjane, fortel Joar Rye frå campingen.

Han er tydeleg på at dei no har eit mål om å doble talet på besøkjande dei neste tre åra.

Feriehus

Den tyngste investeringa er tre feriehus med to soverom og ellers alle fasiliteter.

– Vi har valt å kalle det feriehus framfor campinghytter på grunn av storleik og standard, fortel Rye.

Feriehusa skal stå ferdige i starten av juli og det har allereie byrja å koma tingingar.

– Med desse tre hyttene utvidar vi sesongen i båe ender, samstundes som vi kan tilby overnatting året rundt, noko som høver seg godt på ein heilårsdestinasjon som Vang, fortel Rye.

Han er også tydeleg på at klimaet for utvikling i Vang er bra for tida.

- Handverkarane er på og både naboar og anna næringsliv stiller opp for å få utbygginga i hamn. Samstundes er det gull verdt å få støtte frå næringsfondet og Innovasjon Norge, samt backing frå Innovangsjon seier Rye.

Landets beste dass og dusj

Ei anna stor investering er sanitæranlegget der berre skalet står att etter det gamle.

– Vi har fjerna alt som er kleint av lyd og lukt med det tradisjonelle camping-do-besøket. Vi har no seks bad og fem toalett der alle er i lukka rom med topp moderne fasilitetar og balansert ventilasjon, fortel Rye.

Det var hektisk aktivitet for å koma i mål til helga før i veka med lokale snekkere, rørleggjarar og elektrikarar på plass.

– Når vi får vaska ut her kan eg garantere at vi har landets beste sanitæranlegg for campingplass.

Ein ekstra dag

Campingen satsar hardt på å få gjestane til å verta i Vang meir enn ei overnatting. Ein heilt ny resepsjon/kiosk er eit viktig ledd i dette arbeidet.

– Her skal vi ta godt i mot gjestane, samstundes som vi skal vise kva området har å by på av aktivitetar og opplevingar, fortel dagleg leiar ved campingen, Rene van den Berg.

Ein campinggjest bruker i snitt litt under fem hundre kroner dagen på overnatting og handling på campingen. I nærområdet legg den same gjesten att i snitt 1700 kroner.

- Det er viktig for både oss og ikkje minst for andre næringsdrivande i området at gjestane tek den ekstra natta.

Også lokale handverksprodukt vert å sjå i resepsjonen, saman med standard kioskvarer.

Gapahuk i bjørk

Den siste nyvinninga dette året er ein stor gapahuk bygd i bjørk.

- Vi fekk sagt opp 20 kubikk bjørk i vinter og eg har stått for bygginga sjølv saman med ein kamerat frå Begnadalen, fortel Berg.

Gapahuken ligg ned mot vatnet og elva med plass til tretti under tak.

– Dette vert ein uformell samlingsplass for dei besøkjande, samstundes som vi har høve for arrangement for større grupper her, fortel Berg.

Ellers er trådlaust nett via fiber på plass for heile campingen og fleire andre små justeringar.