Fjell, fjord og midt i sentrum - korleis er marknaden for å bu såpass sentrumsnært i Vang?
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Bustadutvikling i Vang sentrum

Vil du bu i sentrum?

03. mai 2018


I høve arbeidet med ny sentrumsplan er området mellom Sommarhotellet og Klukkarhaugen er interessant for kommune og utbyggjarar å utvikle til bustad og næring. Er det ein plass du kan tenkje deg å bu?

– Kommunen er grunneigar i området mellom Klukkarhaugen og Sommarhotellet. Det er tett på alle sentrumstilbod og Vangsmjøse, med potensiale til både bustad og næring. Vi ynskjer sjølvsagt å planleggje ut frå kva behovet er, difor spør vi no eit ope spørsmål om kva som skal til for at dette området vert ein attraktiv plass på bu, fortel Guro Råheim Kvam.

Ho er helse- og omsorgssjef i Vang kommune og leiar den bustadstrategiske arbeidsgruppa i Vang som er sett ned av kommunestyret.

– Vi ynskjer at også dei som ikkje har konkrete planar om å flytte med det aller fyrste svarar. Det er interessant for oss å få veta kva dei ynskjer seg om dei kjem i ein situasjon der dei vil eller lyt flytte frå noverande bustad, seier Råheim Kvam.

Sentrumsgate 

Planane for området er no heilt på skissestadiet, men det er klart at både bustad og næring er aktuelt i området.

– Det er leilegheiter i små eller mellomstore bygg som vert aktuelle bustader her. Korleis det skal sjå ut til slutt veit vi ikkje, men målet er heilt klart ei levande sentrumsgate i Vang, fortel Råheim Kvam.

I galleriet over her kan du sjå nokre skisseforslag til korleis området kan verte utnytta.