Nyheit

Debattar og dialog på Næringsfrukost

  Nyheitsarkiv
07. sep 2018
  • Mat, prat og diskusjon er stikkord for Næringsfrukost i Vang som vert arrangert fire gonger i året på Mjøsvang kafe.
  • Lise Lajord Munch er nytilsett rådgjevar for bedriftsmarknaden i Valdres Sparebank og har med seg erfaring frå store næringsaktørar i Danmark.
  • Dagleg leiar i Valdres Sparebank, Arnfinn Helge Kvam, kunne informere om eit solid fyrste driftsår for Valdres Sparebank.
  • Avedlingsingeniør for vatn og avløp Halvor Eggen Pettersen stilte godt førebudd frå Vang kommune på næringsfrukosten.
  • «Kontorsjefen» er arbeidstittelen for Dag Nordsveen sitt nye firma som tilbyr fleskibel løysing av administrative oppgåver for bedrifter.

Nye fjes, nye prosjekt og nye utfordringar var på dagsorden under næringsfrukosten i Vang torsdag.

– Kva med ein arbeidskveld med praktisk gjennomgang av korleis ein best handterar GDPR, kom Bjørg Olimb frå Vang bygg med forslag om under den opne diskusjonen mot slutten av frukostmøtet.

Fleire hang seg på med erfaringar og innspel på kva dei hadde gjort og korleis det kunne verte løyst, men det vart fort banka ein eigen arbeidskveld på temaet seinare i haust.

– Å ha ein møteplass som dette der næringa er såpass godt til stades og både kommune og Innovangsjon stiller godt førebudd er gull verdt og vi set stor pris på å vera med, understreka dagleg leiar i Valdres Sparebank, Arnfinn Helge Kvam i sitt innlegg.

Han var ellers var rask med å gje ordet til nytilsett rådgjevar for bedriftsmarknaden, Lise Lajord Munch, som tek med seg brei erfaring frå store næringsaktørar i Danmark inn i jobben for lokalbanken og næringslivet i regionen.

Plan, anbod og investeringar

Frå kommunen informerte VA-ingeniør Halvor Eggen Pettersen og økonomisjef Remi Nilsen om planprosessar og anbod.

Tyin Vassverk, byggjefeltet i Ryfoss, garasje ved Vangsheimen, ferdigstilling av diverse planprosessar, opprusting av symjehallen og nytt tak på den gamle delen av Vbu var nokre av punkta på lista. På oppfordring får næringa om å prøve å få ut anbodspapir tidlegare på året, var både økonomisjef avdelingsingeniør på tilbodssida.

– Vi ser heilt klart problemet med å ta på seg store anbod rett før snøen legg seg i fjellet og vi skal sjå kva vi kan gjera for å betre på akkurat det i tida som kjem, avslutta Eggen Pettersen.

Kontorsjefen

Dag Nordsveen er i startgropa med sitt nye foretak med arbeidstittel «Kontorsjefen» og nytta høvet til å gå i dialog med næringsdrivande.

– Hent meg inn når administrative oppgåver hopar seg opp og går ut over innteninga, og spark meg ut att når dykk har hovudet over vatnet. Låg risiko og høg fleksibilitet er med andre ord stikkord her, det skal løne seg å bruke meg, sa Nordsveen.

Med seg i bagasjen har han ein sivilingeniørutdanning frå NTNU og arbeid for selskap som Telia, Chess, Storebrand og Outtt.

Alt frå fakturering og bilagshandtering til kundeoppfølging, saksbehandling, prosjektleiing og kommunikasjon med det offentlige er på lista over tenester han no tilbyr.

På tampen tok også Kjell Arne Dalåker frå Elektrisk installasjon AS ordet og informerte også om at han kjøper bedrifta til Bjørn Bjørneseth.

- Vi får med ein dyktig elektrikar og ein bra kundebase som vi skal gjera vårt beste for å framleis ha eit godt tilbod til, sa Dalåker.