Nyheit

Tettpakka påskeprogram i Vang

  Nyheitsarkiv
23. mar 2018
Sjå oversikten her

Ved Tørrisheisen på Tyin-Filefjell er det klart for «tidenes snøballkrig» skjærtorsdag i påska.

– For å skape liv og røre i fjellheimen steller vi i stand ein dag i snøballkrigens ånd for heile familien. Mot og litt kløkt er det som skal til for å vinne over motstanderlaget, fortel Øyvind Ekerbakke Stende, i arrangørgjengen UngPåFilefjell.

Andre høgdepunkt i Vang i påska

Laurdag 24. mars
Påskequiz på Mjøsvang kafe.
Afterski på Reint bord på Tyin-Filefjell (også måndag-laurdag i påskeveka)

Palmesundag
Gudsteneste på Haukåsen

Onsdag 28. mars 
Barnedisco på Mjøsvang kafe


Skjærtorsdag 
Slettefjellrennet (Eggeåsen-Åsvang)
Dukk! - Tidenes snøballkrig på Tyin-Filefjell
Påskeeggjakt i Tørrisheisen på Tyin-Filefjell

Langfredag
Påskelunch i Børrelia på Tyin-Filefjell
Påskequiz i Varmestøga på Tyin-Filefjell
Filefjellrennet (20km, 10km, barneløype - trim+konk.)

Påskeaften
Påskeskirenn på Eidsbugarden
Påskenattmesse i Heensåsen kyrkje

Fullstendig kalender for gudstenester og hendingar finn du i kalenderen her på vangivaldres.no. (NB: Noko av det som ligg inne måndag-onsdag er aktivitetar som følgjer skuleruta og ikkje skjer i påska)