Nyheit

Eldmølla opnar

  Nyheitsarkiv
18. mai 2017
Grillfest på Leirholshøgda

Landetes stiligaste badstove og rasteplass opnar på Leirholshøgda fredag. Prosjektet har fått namnet «Eldmølla» og er tilgjengeleg for turfolk frå og med opninga.

– Vi fyrer både grill og badstove og held ei lita markering klokka fire. NTNU, grunneigar og Innovangsjon seier alle lit om prosjektet, før det vert pølser, prat og høve for eit prøvebad for den som ynskjer det, fortel Hallgrim Rogn i Innovangsjon.

Stølsvegen opp til Leirholshøgda er open for markeringa, men ein oppmodar flest mogleg om å gå eller samkøyre opp. NB: Du lyt ha høg bil for å køyre opp!

Bidra til prosjektet

Badstove, bru og rasteplass - heile anlegget vert ope for turfolk frå og med opninga. Fram til alt av rekkverk o.l. er på plass lyt dette skje etter avtale med grunneigar (farmerknut@hotmail.com // 97181129)

Prosjektet har altså fått namnet «Eldmølla» og er eit samarbeid mellom arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim, Innovangsjon og grunneigar.

Studentane legg ned om lag tre årsverk for å realisere prosjektet, mens kommune og lokalt næringsliv støtter opp. Ved sidan av dette ligg ein betydeleg arbeidsinnsats og finansiering frå grunneigar, men prosjektet er langt frå fullfinansiert.