Farmendagen2014 (6 of 7).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Farmenprogrammet er klart

Farmenprogrammet er klart

31. mai 2017

Programmet for Farmendagen i Ryfoss 10. juni er no klart

– Øfningsshow er ikkje bestemt kva, men noko blir skreve i helga….trur det blir artigt…Det blir intense øvingar siste veka, seier Inger Kongslien Tveit frå arrangørgjengen.

Mykje av det faste kjem attende til Farmendagen, som spikarslåing og farmenkrakken.

– Krakken blir som oftast laga like før – har bedt om ein femseter – men gudane veit kva Tørstad laga.

For ungane

Dei yngste er i særleg fokus på Farmendagen. Det er mellom anna dyr i hotellhagen, hårfletting og ansiktsmåling.

– Valdresløpet går same dagen som arrangementet vårt, og dei eldste bilane her kjører innom sentrum før dei skal innom YX på ein post med i løpet. Då ryddar me gata, og ser på dette, fortel Tveit.

Elles kjem både seniordansen og Kellie med linedansen. Med linedansen vert det også ei lita overrasking.

– Styrkeprøva er ny i år. Det vil bli høve for påmelding når folk kjem. Er du sterk og vil vinne ein pokal, kan dette vera noko for deg meiner Inger.

Mari Rogn Tveit kjører farmentrimmen som tidlegare. – Den går over i stepp i år. Mari har hatt stepp i vinter i Høre, men ynskjer vise fram kva det er. Derfor kjem nokon av den harde kjerne i stepptrimmen inn i farmentrimmen og bytta ut mjølkespann med steppkasser.

Arrangøren har ei basarbok med fleire flotte premiar, den blir trekt sist på dagen. Dette er vår muligheit til å tjene nokre kroner. FK Vang har sal av kaffe, kaker mm. i år. Sara`s kafe har ope med mykje godt.

– Til kvelds tenner vi som vanleg grillen og møtast i hotellhagen. Vi krysser fingrane for godt oppmøte og ikkje minst godt ver.