1402323_10151992543875729_816889793_o.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fellesprosjekt

Gardssamarbeid mellom Vestre Slidre og Vang

16. november 2016

Vestre Slidre og Vang har gått saman om eit treårig prosjekt for å få liv på tomme gardar. No ser ein etter prosjektleiar som kjenner båe kommunar godt.

– Vi trur ingen gardseigarar ser med lett hjarte på at tunet er tomt og lyset av. Men det er alltid ein grunn til at det har vorte sånn. Prosjektet og prosjektleiaren si rolle vert å gå i dialog med eigarar og sjå konstruktivt på ulike moglegheiter for å få inn folk og unngå forfall, fortel dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn.

Difor er erfaring frå bondeyrket, kjennskap til båe kommunar og engasjement for prosjektet viktige moment når ein no leitar etter prosjektleiar for dei tre neste åra.

Står sterkare saman

Innovangsjon SA er prosjekteigar og arbeidet er forankra frå start hjå faglag, politikarar og administrasjon i dei to kommunane.

– Ideen til dette kjem frå Yvonne Tonnaer i Vestre Slidre bonde- og småbrukarlag. Ho har vore pådrivar heile vegen og det er artig å sjå at vi gjennom samarbeid kan få til viktige prosjekt som dette, seier Rogn.

BU-midlar frå fylkesmannen er løyvd dei neste tre åra, mens Vestre Slidre har vedteke støtte til prosjektet. Det same ligg inne i budsjettforslaget i Vang. Det er sett ned ei styringsgruppe for prosjektet der alle interessentar i båe kommunar er representert. Det er denne som set føringar på arbeidet til prosjektet og prosjektleiaren, samstundes som gruppa vert ein avgjerande ressurs for prosjektleiar.

Stort potensiale

Det er dei seinare åra gjennomført ein brukskartlegging i Vestre Slidre og ein bustadkartlegging i Vang. Dette dannar grunnlaget for arbeidet til prosjektleiar i starten.

– I tillegg syner tal frå fylkesmannen 90 tomme bruk i dei to kommunane, så her er nok å ta tak i. Når det er sagt ser vi på kvart einaste bruk som kommer ut for sal eller på leigemarknaden som ein siger, understrekar Rogn.

I ein bustadundersøking gjennomført i Vang for eit par år sidan kom det fram at 35 % av dei som planlegg å flytte til området ser etter småbruk eller gardsbruk.

– Dette harmonerer godt med nasjonale tal og det er eit udiskutabelt faktum at kommunar som Vang og Vestre Slidre er avhengige av levande grender og folk på gardane året rundt også i framtida. Med dette prosjektet skal vi bidra til det, samstundes som distriktet trekk til seg heilt nye innbyggarar som vil leve ut drømmen og bygdelivet, avsluttar Rogn.

Prosjektperioden er 1. januar 2017 til 31. desember 2019