Øyefestivalen (3 of 9).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Festdagar i Vang

Festdagar i Vang

18. juni 2015

Den aller første «Øyefestivalen» vart eit høgdepunkt for dei aller yngste i bygda denne veka. Samstundes har det vore «rullatortreff» for dei aller eldste.

– Eg er rørt over innsatsen til alle ungane, artistane, tilsette og frivillige. Med såpass mykje publikum har det vorte samla inn over 16.000 kroner til «barnekreftforeningen» i løpet av festivalen, fortalde leiar i Øye barnehage, Anette Havellen Gurigard under avslutninga av festivalen.

Godt over 100 personar hadde teke turen til barnehagen i Øye, der variasjon var stor og kvaliteten høg.

Desse artistane stod på scena i løpet av ettermiddagen:

  • Ragnhild Hemsing – fiolin.
  • Simon Havro – fele.
  • Emilie Hermundstad – fele.
  • Barnekoret i Vang.
  • Øye barnehage syng «Øye supersong».
  • Tom Kjetil Tørstad - torader
  • Vilde Leirhol og Ole Høyme Einang - gitar og song.
  • Oddbjørn Skeie og Tron Kittelsen – jazz.
Sjå video frå festivalen

Rullatortreff

Eit par dagar etter Øyefestivalen, baud Vangsheimen inn til det årlige «rullatortreffet». Her inviterar eit tverrfagleg miljø ved Vangsheimen, saman med eit godt knippe frivillige, inn til aktivitetsdag for dei eldste i Vang.

– Her har vore naturstig med både hjernetrim og motorikk. No har vi matpause før det er utdeling av premiar etterpå, informerte Marit Gjærdingen.

Dette er fjerde året rullatortreffet vert arrangert, og både oppmøte og stemning tyder på at det ikkje vert det siste.  

I tillegg til arrangement for dei yngste og eldste var det Farmendagen førre helg, mens det neste helg er klart for familiedag på Filefjell.