image4.JPG
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Filefjelltunnelen opna

Filefjelltunnelen opna

02. oktober 2017

29.september var det opning av den nye Filefjelltunelen. Folk frå aust og vest samla seg i det ruskete været for å sjå på snorklippinga og køyre gjennom den flotte tunnelen. Det vart halde talar av blant anna ordførarane og prosjektleiarane. Opninga vart feira med korpsmusikk og kakar. Bilen «Eddie» var i teten, med mange andre spennande type bilar bak seg. Vidare gjekk turen til Neset, Gamle Kvam og Kongevegen.

Frå valgfag «media» på Vang barne- og ungdomsskule (VBU) stilte Jan Olav Kattevold Marken Svien, Ole Andreas Kvien og Eline Hålien Søndrol. Teksten over og alle foto frå opninga er levert av dei.

Også NRK tok turen til fjells. Både i forkant av opninga, og på sjølve dagen

Her er andre presseklipp om vegfesten på fredag!