IMG_3744.JPG
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fileringskurs

Nye lærlingar og gamle tradisjonar

18. oktober 2016

I helga var det fileringskurs i regi av Vang Husflidslag. 10 deltakarar fekk lære den tradisjonsrike masketeknikken av Randi Ødegården og Kari Hagaset.

- Det vart eit veldig artig kurs, med flinke deltakarar, fortel Randi Ødegården og legg til at dei ti deltakarane var lærenemme og meistra det grunnleggjande ved teknikken innen helga var over. 

Om filering

Inger Wangensteen frå Vang Husflidslag kan fortelje at filering truleg er den eldste kjende masketeknikken i Europa. Den var brukt i Tyskland på 1200-talet og kunnskapen har vandra hit til Valdres. Filering er eit finmaska nett av tynn lintråd, reiskapen er ein liten ”skytt” og ein tynn strikkepinne. Det blir knytt opp ruter med knute etter knute, ei miniutgåve av eit fiskenett.

Fileringsteknikken har vore i ubroten tradisjon i Vang i fleire hundre år. Det var Gyda Steile som tok til med opplæring på 1960 talet, ho heldt kurs for fleire hundre damer i Valdres i løpet av ei tjueårs periode. 

- Her i Øvre Valdres er teknikken brukt mest på julehandlke og rullhetter. Det er også laga løparar og dåpskjolar! Dei fleste i Vang har sett altarduken i Vang kyrkje. Den er laga av tanta til Gyda til hundreårs-jubileet for kyrkja i 1940. Eit meisterarbeid, kan Inger Wangensteen fortelje. Ho er glad for at så mange ville vere med og halde tradisjonen i hevd. 

Mulegheit for fleire kurs

Det er ikkje planlagt fleire kurs før neste haust, men både Randi og Inger meiner det er rom for fleire kurs i haust om nokon har ynskje om dette, så ta kontakt om du er interessert i å lære meir om filering. 

Randi Ødegården: tlf 95806019