Nyheit

Flytter inn på Fjellheim panorama

  Nyheitsarkiv
04. sep 2017
  • Frank Thune, Geir Morten Sveberg og Kenneth Holien Eltun har gått saman om eigedomsutvikling sentralt i Vang.
  • Bad med toalett, dusj og opplegg for vaskemaskin er totaltrenovert og temmeleg tøft.
  • Utsyn frå stova i andre etasje på hovudhuset.
  • Sentralt i Vang med flott utsyn over Vangsmjøsa, grend og fjell.
  • Karane bak Fjellheim panorama vurderar å også byggje bustader eller leilegheiter til seg sjølv på sikt.

Etter ein intens arbeidssumar er dei to fyrste leilegheitene ved Fjellheim panorama no klare for innflytting.

– Det har ikkje vorte mange kveldar med fisking denne sumaren, vi har stort sett vore her når vi ikkje har vore på arbeid, fortel Frank Thune.

Sjølv er han elektrikar og saman med røyrleggar Kenneth Holien Eltun og byggmeister Geir Morten Sveberg kjøpte han den gamle leirskulen Fjellheim i Vang sentrum denne våren.

To leilegheiter

Fyrste september flytta ein familie inn i øvste etasje, og ei veke seinare er det overlevering på leilegheita i fyrste etasje.

– Det har vore greit å ha ein dato å halde seg til for å halde motivasjonen oppe i sumar. Det vart kanskje litt meir riving enn planlagt før vi kunne byrje å bygge opp att, men no har resultatet vorte bra, fortel Geir Morten.

Særleg baderomma har dei lagt mykje arbeid i. Ellers er det sett opp deleveggar og laga fleire nye soverom, kjøkken er pussa opp, ny trapp er på plass og dei fleste veggane har fått fleire strøk med måling.

Stort engasjement

Ikkje berre dei tre eigarane har stått på, også vener og bygdefolk har stilt opp gjennom sumaren.

– Mange har teke turen innom for å sjå og slå av ein prat, men heldigvis også jobbe litt, fortel Frank.

Mellom anna har ein av naboane vore jamnt innom og tatt i på små og større arbeidsoppgåver.

- Folk tykkjer det er artig at det skjer noko i grenda og på denne plassen!

Fleire einingar

Hovudhuset på Fjellheim skal få fleire oppgraderingar i vinter og neste sumar, samstundes vurderer gjengen å setja i stand dei andre husa på den gamle leirskulen.

– Vi har ein interessent på tømmerhytta her og ein grov plan på kva som skal til for at det vert ein triveleg plass å bu forte, Thune.

Det er også eit bygg til på tunet som er aktuelt å gjera om til leilegheiter. På sikt er dette berre starten.

- Om alt dett på plass ønskjer vi å byggje ut fleire mindre og moderne bueiningar i området her, seier Sveberg.

Ynskjer kommunalt vatn

Mykje står og fell framover på vassforsyninga til området. Lundsmarka og Bøaflata på båe sider av Fjellheim har kommunalt vatn og avløp.

– Vi har god dialog med kommunen og naboar her. Fleire har sagt seg positive til kommunalt vatn, og vi håpar kommunen kan sjå ein moglegheit for å få både Fjellheim og resten av grenda på nettet sit, seier Sveberg.

Blir det kommunalt vatn går gjengen i gang med ein reguleringsplan for heile eigedommen, og dei legg ikkje skjul på at dei sjølv gjerne byggjer seg hus eller leilegheit i området.

– Det er lett å verta glad i denne utsikta veit du.