Nyheit

Fleirkulturell vårfest på Bøflaten

  Nyheitsarkiv
12. jun 2018
Mat og aktivitetar på Bøflaten Camping

Torsdag 21. juni kl 11 inviterer Vang frivilligsentral, Vang læringssenter og Vang mottakssenter til mat og aktivitet på Bøflaten camping. Det blir spanande smakar frå heile verda, og grillmat til alle som vil ha. Det blir også aktivitetar og konkurranser, som volleybal, kubb, krokket og boccia.

– Arrangementet skjer i høve læringssenteret sin sommaravslutning, der dei deler ut prøvebevis til elevane. Frivilligsentralen har fleire gonger hatt fleirkulturell vårfest utanfor Vangstunet, men i år ønskjer dei å heller samarbeide om arrangementet på Bøflaten.

- Vi hadde ein veldig fin aktivitetsdag der i fjor, og syns det er veldig kjekt om bygdefolk også vil vere med og ha ein triveleg dag saman med våre elevar. God mat og aktivitetar gir ei fin ramme for å bli litt kjent, seier rektor ved læringssenteret Erik Martinsen Dalåker.

Også mottaksleiinga set pris på samarbeidet.

- Mange av våre bebuarar har norsk- og samfunnsfagundervisning på læringssenteret, og dei andre som bur hos oss set også pris på ein dag der dei kan møte andre og ha det triveleg saman. Vi er veldig glad for å samarbeide med andre i lokalmiljøet om slike arrangement, seier Bente Linnerud Dalåker.

Marte Tangen på frivilligsentralen håper på fint vêr og godt oppmøte frå lokalbefolkninga.

- Dei fleirkulturelle festane vi har arrangert tidlegare har alltid vore veldig trivelege, med både vangsgjeldingar og folk frå mange ulike land. Nokon syns det er spanande å smake på all den gode maten som blir servert, og nokon syns det er moro å prate med folk frå andre kulturar. Vi håper også ein del av dei som jobbar i sentrum kan ta seg ein lang lunchpause denne dagen og få seg eit lite avbrekk frå kontorstolen, oppmodar ho.