Nyheit

Førti kongevegambassadørar

  Nyheitsarkiv
20. jun 2017
  • Stifstøtta på strekningen Kyrkjestølen-Maristova langs Kongevegen over Filefjell ligg berre eit par kilometer frå Kyrkjestølen. Foto: Sverre Hjørnevik.
  • Førti personar var samla i auditoriet på Vbu måndag for å verta oppdatert på Kongevegen over Filefjell.
Mykje god informasjon om Kongevegen over Filefjell

Førti nye Kongevegambassadørar er klare for ta i mot feriegjestar etter ambassadørkveld i Vang måndag.

– Det artigaste eg driv med er Kongevegen over Filefjell. Det er eit prosjekt der mange dreg saman og der vi klarar å få internasjonal merksemd til Vang og Lærdal, innleia ordførar Vidar Eltun.

Kvelden var eit samarbeidsprosjekt mellom Innovangsjon, Vang kommune og nettverket for bedrifter langs Kongevegen.

Næringsutviklar Dag Inge Bruflot ynskte velkommen før ordførar Vidar Eltun innleia om kvelden og Kongevegen. Katharina Sparstad fortalde så om samarbeidsprosjektet som starta i 2009 og førte fram til Europa Nostra-pris no i vår.

– No startar arbeidet

Alle bedriftene knytt til Kongevegen har fått kraftig auke i bestillingar før denne sumarsesongen.

– No startar jobben med reiselivsproduktet Kongevegen over Filefjell og det er viktig at alle i Vang er gode ambassadørar for Kongevegen, sa prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, Lisbeth Engebretsen.

Totalt 17 bedrifter i Vang og Lærdal er no med i nettverket. Engebretsen understreka at det er plass til fleire og at målet er at langt fleire enn i dag skal finne sine nisjer og drive næring knytt til vegen. Ho held fram med mykje konkret informasjon om vegen til ambassadørane i salen.

– Det er til dømes greit å informere om at ikkje alt er grøne bakkar og stig langs Kongevegen, seier Engebretsen.

Om lag halvparten av den ti mil lange vegen frå Neset i Vang til Lærdalsøyri er gras og stig, resten er grus eller asfalt. 

– Vi anbefaler også dei vi er i kontakt med om å starte med hovudetappane. I Vang betyr det Kvamskleive, Øye-Tyinkrysset og Kyrkjestølen-Maristova.

Kvamskleive denne sumaren

Sjølv om hovudarbeidet med Kongevegen over Filefjell er ferdigstilt, får ei siste veghistorisk perle ei naudsynt opprusting denne sumaren. 

– I starten av juni starta arbeidet med å mure opp att vegen gjennom Kvamskleive som det aller siste store restaureringsprosjektet. Sherpaer frå Nepal står for arbeidet som tek ein dryg månad informerte Engebretsen. 

Saman med strekninga over frå Kyrkjestølen til Maristuen er dette den mest gådde etappen langs Kongevegen i Vang. Akkurat no er Kvamskleive stengt fram til murararbeidet har kome noko lenger. 

Svarar på alle spørsmål

Med auka interesse aukar også spørsmålsmengda. Startpunkt, overnatting og bagasjetransport er tre spørsmål som ofte kjem.

– Vi har nye nettsider, Outttt, facebook- og instagram-konto. Sjølv om vi svarar på alle spørsmål vi får er sjølvsagt målet at vi har såpass god og tilgjengeleg informasjon at vi ikkje får så mange telefonar.

Dei har mellom anna svara på dei mest stilte spørsmåla på dei nye heimesidene. På Klokkarhaugen i Vang vert det turistinformasjon, kaffi og vaflar gjennom det aller meste av sumarferien. Også Intersport på Tyinkrysset har turistinformasjon. 

– Ellers er alle bedrifter langs Kongevegen godt informert om både vandringar, hendingar og opplevingar knytt til vegen, forsikrar Engebretsen. 

Ho strekar under at det også at det er viktig med tilbakemeldingar frå dei som bruker vegen denne sumaren om kva som kan gjerast for at Kongevegen skal verta ei endå betre oppleving.

Kongevegen på telefonen

I turapplikasjonen Outtt som kan lastast ned gratis til alle smarttelefoner finn du ein eigen turguide for Kongevegen over Filefjell.

– Her er alle etappar skildra saman med dei beste digitale turkart, samt høve for å spore din eigen tur langs vegen, fortalde Dag Nordsveen frå Outtt.

Appen kan lastast ned i Google play eller App-store.

– Du kan også laste ned alle kart for turen til telefonen, på den måten har du kartet tilgjengeleg sjølv om du ikkje har singal på telefonen. GPS-funksjonen fungerer også alltid, så du veit til ein kvar tid kvar du er og kva som er i nærleiken med Outtt, sa Nordsveen.