Festkomitéen planlegg dei siste detaljane, frå venstre på bilete: Andris Kvam, Vidar Eltun, Oddbjørn Skeie, Marianne Berge, Kristina Heensåsen, Øyvor Veflen Tveit, + Heidi Lynge Kvale, Erik Martinsen Dalåker og Marte Tangen
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Folkefest i Vangshallen

Folkefest i Vangshallen

07. mars 2017

Laurdag 18. mars kl. 12 blir det folkefest - då skal endeleg fleirbrukshallen i Vang offisielt opnast.

Festkomiteen, med ordføraren i spissen lovar både topp underhaldning, mat og drikke og sjølvsagt eit innblikk i heile hallen og alt den kan brukast til.

- Dette blir ein utruleg flott hall både for kultur, idrett og alt imellom, og vi gler oss til å syne den fram for befolkninga i Vang, fortel Marte Tangen, medlem av festkomiteen og konferansier for dagen.

Med seg denne dagen får ho Anne Heidi Kvam Hillestad og Marit Andrisdotter Kvam, som begge gikk ut frå VBU i fjor, til å finne på litt sprell.

Program for dagen

12:00 Snorklypping med korpsfanfare + skule- og barnehagekor (ny sang skrive for anledninga)
12:30 Opplev hallen i bruk, prøv deg på ulike aktivitetar, mannskoret syng, avduking av kunst og mykje meir
14:00 Mat, drikke og festkake
15:00 Festkonsert med The Rebels, Vangskoret, Tørstad & co, Barnekoret og Hemsingsystrene

Festkomitéen er samansett av Andris Kvam, Vidar Eltun, Oddbjørn Skeie, Marianne Berge, Kristina Heensåsen, Øyvor Veflen Tveit, Heidi Lynge Kvale, Erik Martinsen Dalåker og Marte Tangen

- Vi gler oss sjølvsagt veldig til fest og har mykje morosamt på lager. Velkomne skal de vere! Avsluttar Marte. 

Du kan og lese meir om dagen på facebookeventen.