marit anmarkrud.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Forteljarkurs i Vang

Forteljarkurs i Vang

26. september 2018

Måndag 8. oktober kl 18.00 kjem Marit Anmarkrud til Vang folkebibliotek for å halde kurs i forteljarkunst. Kurset er ope for alle, og vi ønskjer særskilt å invitere foreldre, besteforeldre, barnehagetilsette, lærarar og dei som jobbar i turistnæringa.

Fokuset på kurset er å bli betre til å fortelje historier, gjennom ulike teknikkar og øvingar. Anmarkrud er utdanna lærar, dramapedagog, forteljar og familieterapeut, ho har brei erfaring med kulturformidling til skoler og barnehagar, og driv eventyrleir i tillegg til å gi forestillingar og kurs.

Jon Oddvar Heimlid har vore på kurs med Anmarkrud før, og var primus motor for å få henne til Vang.

- Marit er ein fantastisk forteljar og ho kjem med gode tips om korleis du kan bli ein betre forteljar. Vi må ta vare på lokalhistoria og lokalkulturen som ligg i småstubbar frå bygda, og skal vi bli gode forteljarar må vi øve, seier han.

Kontakt frivilligsentralen for påmelding: frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46816473

Dagen etter vil Anmarkrud ha ei fortejlarforestilling for elevane i 3. og 4. trinn, og dei frå kurset som ønskjer det er velkomen til å delta på denne – men det er heilt frivillig. Velkomen!