Nyheit

Fredagkos på Høre samfunnshus

  Nyheitsarkiv
20. des 2016
  • Tørstad & co er klare for dansefest i Høre 20. januar. Her er Tom Kjetil på scena i «Den Norske opera og ballet». Foto: Ingvil Skeie Ljones/Folkorg
Dansefest, drikkeviser, superbuffet og quiz

Tørstad & co, Høre mannskor, Sara´s mat og Innovangsjon samarbeidar om stormønstring i Høre 20. januar.

– Vi stiller med fult mannskap og dreg på med realt dansespel ut over kvelden, fortel sjefen sjøl, Tom Kjetil Tørstad.


Den årsferske noregsmeisteren er velkjend i både Vang og verda som toraderspelar av ypparste klasse.

Førre gong han stod på scena var under meisterkonserten på sjølvaste Operaen i Oslo. No er det altså på heimebane i Høre du kan få oppleve han.

Festinnslag med Høre mannskor

Høre mannskor er både med på arrangørsida og som sceneunderhaldning denne kvelden.

– Vi har eit godt arsenal av skjemteviser, drikkeviser og anna som kanskje seg betre på ein kveld som dette enn på julekonsertane no i desember. Det vert artig å dra på med nokre av desse, fortel Geir Kongslien som syng i mannskoret.

Dei går på scena før Tørstad & co. 

Sars superbuffet

Ingen fredagskos utan mat. Denne gongen flytter Sara´s mat opp frå Ryfoss til Høre.

– Eg lagar buffet med det beste frå kafeen, fortel Sara Siwar som har eit par års erfaring med kafe og catering no.

Det betyr falalffel, sambusa, vårrullar, pastry, pizza og andre smårettar på starten av kvelden.

Påmelding på førehand til: hallgrim@vangivaldres.no // 41222769

Program

19:30 – Velkommen, dørane opnar
20:00 – Saras superbuffet
21:00 – Quiz
22:00 – Minikonsert med Høre mannskor
22:20 – Dansefest med Tørstad & co.

250 kr/snute. Dette inkluderer mat, quiz, konsert og dansefest.

NB: Gratis inngang (Vang kommune spanderer) om du er relativt ny i bygda og ikkje har vore på fredagskos før.

Kort og kontant.

18 års aldersgrense.

Velkommen!