Nyheit

Fredagskos på Sommarhotellet

  Nyheitsarkiv
07. mai 2018
Sumarfest for gamle og nye vangsgjeldingar

Vi feirar sumaren med ein heidundrandes Fredagskos på «Sommerhotellet» 1. juni frå 19:30!
 
Hotellsjef Trine byr på peppersteikt roastbeef med aspargesbønner, krydra fløytesjysaus, smørsteikt sopp og krema potetgrateng. Til dessert er det jordbær med krem og stjerneanis.

– Denne gongen garanterar vi at det vert quiz og runde i baren til vinnarlaget, fortel Innovangsjonsminister, Hallgrim Rogn.

Han er ute etter tips til nye sambygdinger som ikkje har vore på fredagskos og som bør få ein ekstra invitasjon. Be dei med, eller send tips til Hallgrim

Program

19:30 Dørane opnar
20:00 Middag
21:30 Quiz
22:15 Fest

Påmelding innan 30. mai til hallgrim@vangivaldres.no (evt send melding til Vang på facebook eller sms til 41222769)

CC: 300,- (Kort, kontant) GRATIS FOR NYE SAMBYGDINGAR!
Øl og vin
18 år aldersgrense

Sjåast!