Nyheit

Fullt hus på Fondsbu

  Nyheitsarkiv
03. jul 2017
Sesongopning og Fredagskos

Ein sumarkveld av dei sjeldne sette rammene for Fredagskos og sesongopning på Fondsbu på fredag. Med 110 til bords og konsekvent kortreist kvalitetsmat vart det ein bygdefest av beste merkje på Eidsbugarden.

- Fjellgrisen frå Nord Aurdal er av det mest langreiste dykk får servert i kveld. Auren vart fiska i Helin natt til idag, fjelloksen har beita i Smådalen og lamma har beita ved Tyin, fortalde vertinne på Fondsbu Solbjørg Kvålshaugen i det ho ynskja velkommen til ein ny sumar på Eidsbugarden.

Åtte nye vangsgjeldingar

Bygdefolk mellom 20 og 80 år dominerte gjestelista, men også ein del fjellfolk og hyttenaboar til Fondsbu var på plass for middag og fest. Fleire nye vangsgjeldingar hadde også teke turen til fjells. Mellom dei åtte som vart presentert var tre unge par som har etablert seg i Vang det siste året.

Solbjørg baud på song mellom middag og dessert, og kvelden held fram med trubadur og fest ut over natta. Ein turbuss frå JVB frakta dei av bygdefolket som ikkje overnatta trygt heimatt ein time etter midnatt.