Nyheit

Fullt hus på Mjøsvang under Landbruksdagen

  Nyheitsarkiv
26. jan 2017
Takk til alle involverte!

Åtte forelesarar presenterte ulike aktuelle tema for dei frammøtte. God lunsjbuffet frå Mjøsvang Kafé vart fylgt av 6 lokale og regionale utstillarar. Dagen vart runda av med to opne fjøs.

- Det kom besøkande frå heile Valdres og Sogn i tillegg til Vang, noko som er utruleg kjekt, fortel Dag Inge Bruflot, næringsutviklar i Innovangsjon. 

Landbruksdagen var eit samarbeidsprosjekt mellom Innovangsjon, Vang Sparebank, Landbrukskontoret i Vang og Avløysarlaget. På to intensive timar fekk dei frammøtte høyre innlegg frå Nortura, Innovasjon Norge, Landbrukskontoret i Vang, Reboli, Fjøssystemer, Tine og Gardsprosjektet i Vestre Slidre og Vang. Innlegga tok for seg aktuelle fokus rundt tilskot og samarbeid i næringa. 

Utanfor stilte Felleskjøpet, Eik, Traktorservice, Øye Bygg og Bo, Vang Autoservice, Lena Maskin og Jon G. Haugen med scootere, ATV, traktorar og anna nytt utstyr på marknaden. 

Dagen runda av hjå Jon H. Solheimsli og Ola S Grøv, kor det var opne fjøs og omvising. 

- Takk for innsatsen til alle som var med, ikkje minst til Jon og Ola som opna fjøsa sine for oss, avsluttar Dag Inge.