Nyheit

Fullt hus på vegfest

  Nyheitsarkiv
09. okt 2017
Pizzabuffet og dansefest med TeXeL på Fredagskos

Ny veg og gamle heltar drog 150 festfolk til Fredagskos på Tyinkrysset fjellstue fredag.

– Det er artig både å spela og å sjå fjellstova fylt opp til fest att, sa ein godt nøgd Hallgeir Opdal under vegs på festen.

Ved sidan av å vera sjef ved nyopna Tyinkrysset Fjellstue spelar Opdal tangentar i kveldens hovudattraksjon, vangsbandet TeXeL.

Kvelden var eit samarbeid mellom Innovangsjon og fjellstova for å markere at ny veg over Filefjell er ferdig.

Åtte nye vangsgjeldingar

Pizzabuffet og presentasjon av nye vangsgjeldigar innleia kvelden. Av kring åtti til bords var åtte heilt nye i bygda. Her var fleire tilbakeflyttarar både med og utan familie, samt nyutdanna unge folk som hadde funne arbeid og fjell i Vang attraktivt.

– Det er stas med ny veg, men jammen er det også stas å få presentere såpass mange nye sambygdingar, sa innovangsjonsminister Hallgrim Rogn.

Etter pizzabuffeten vart festlokalet i kjellaren raskt fylt opp, og mange nye kom til ut over kvelden. Ein miks av bygdefolk, fritidsgjestar og vegarbeidarar dansa og festa saman til eit TeXeL i god gamal speleform.