Nyheit

Fyldig vårprogram på Vang folkebibliotek

  Nyheitsarkiv
03. feb 2017
Konsert med Frida Ånnevik, trommekonsert med Zwai Mbula og eit rikt utstillingsprogram er berre noko av det ein kan oppleve på biblioteket.

Onsdag slapp Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral vårprogrammet sitt, og med spennande samarbeid, stor variasjon og fleire faste kveldar har ein mange grunner til å legge turen til biblioteket dei neste månadane.

Musikk og morsmålsdagen

- Som tidlegare år feirar vi morsmålsdagen, denne gongen med ein forrykande trommekonsert av Zwai Mbula, fortel Marte Tangen, leiar for frivilligsentralen.

Det blir fleire musikalske innslag i løpet av våren. Blant anna kjem Frida Ånnevik, som sist laurdag fekk spelemannspris for beste tekstforfattar, til Vang i mai. - Vi er utruleg stolte over å ha fått til ei avtale med Ånnevik, seier Marte, som fortel at musikken til Ånnevik treff både unge og gamle. - Ho trollbind i alle fall oss! 

Men aller fyrst startar dei med musikk sundag 05. februar, med klassisk gitar i samspel med både langeleik og fleire dyktige songarar. 

"Damer i historien" og utstillingsprogram

For dei som er interessert i foredrag og litteratur finnes det og mykje å velje i. I løpet av våren kan du få med deg foredrag om damer i historia akkompagnert av Thea & The Wild, og teaterkåseri om Vidar Sandbeck.

Lokale lag og foreiningar bidreg og til programmet. - Vi har fleire samarbeid denne våren, både historielaget og turlaget har ansvar for kvar sine temaforedrag, og Vinjerock og miljøstiftelsen ZERO inviterer til temakveld om grøn teknologi, fortel Marte. 

I tillegg stiller frivilligsentralen og biblioteket med eit variert utstillingsprogram i galleriet, som favnar både fotokunst, skulpturar, barnekunst og ei vandreutstilling om Margit Sandemo som allereie står oppført.

Faste innslag kvar veke

Fotoklubben og teikneklubben held fram med å møtast annankvar tysdag, og biblioteket held då ope hus fram til kl. 22. -Desse kveldane er det 'clubnight' med generelt mykje liv og røre, fortel Marte.

Norsktime onsdagar og avistime fredagar er faste innslag, i tillegg er lesesirkelen aktiv og veks frå gong til gong. Berre ta kontakt om du ønskjer å hive deg med!

..............................................................................................................................

Velkomen til ein kulturell vår i Vang, og hugs - på biblioteket er det alltid gratis og ope for alle!

Programmet finn du også på nettsidene til Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral.