Nyheit

Gründerinspirasjon på Vinjerock

  Nyheitsarkiv
13. jul 2017
Flytte til fjells og starte for seg sjølv er to draumar som vert konkretisert i Vinjebue laurdag. Foto: Iris Engen Skadal/Vinjerock
Kurv, kaffi og kreativitet i Vinjestøga

Innovangsjon inviterer til gründerprat i Vinjestøga laurdag under Vinjerock. 


– Mange let det bli med draumen om livet på landet av frykt for å ende opp på ein plass som har alt, men ikkje arbeid. I Vang har vi sett at mange lukkast med eigen bedrift, anten dei startar frå staren av eller tek han med seg til fjells, fortel næringsutviklar i Innovangsjon Dag Inge Bruflot.

Panelet består av Erlend Eggen(Outttt) Solbjørg Kvålshaugen (Fondsbu) Torill Bye Wilhelmsen (Fjellflyt) Lennart Krohn Hansen (Frisk forlag), ein gjeng som alle har skapt sin eigen draumearbeidsplass trygt plassert på bygda.

Den tre kvarter lange gründerpraten startar klokka eit i Vinjestøga laurdagen under festivalen

– Paneldeltakarane fortel si gründerhistorie og diskuterer kva som skal til for å lukkast med eige føretak eller selskap. Det vert også eit naturleg fokus på fordelane ved å prøve seg som gründer på bygda, seier Bruflot.

Innovangsjon jobbar året rundt for at Vang, heimkommunen til Vinjerock, skal vera ein attraktiv plass å bu på alle måtar. Her var over 100 jobbar utlyst i fjor og tilhøva for gründerverksemder er dei aller beste. Samstundes har Vang eit uttalt mål om å trekke til seg nye innbyggjarar.

– Ordførar Vidar Eltun og eg stiller med kurv, kaffi og svar på alt folk lurer på om både fritid og arbeidsliv i Vang både før og etter debatten, mens Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn tek rolla som ordstyrar for debatten, fortel Bruflot.