Nyheit

Hans Mikkel har starta Vennisbakeriet

  Nyheitsarkiv
09. feb 2018
Økologisk handverksbakst rett heim

Før jul flytta Hans Mikkel Melhus saman med kjærast og bakaromn til Vennis. Etter nokre veker med prøvebaking tilbyr han handverksbakst til folket frå og med måndag.

– Brøda er baka i steinovn på Vennis med økologisk steinmale mjøl frå Holli mølle og eg legg opp til to faste bakedagar no i starten, fortel Hans Mikkel.

Han er opphavleg trønder og fullførar for tida ein mastergrad i tradisjonskunst i Rauland med fele som hovudinstrument. Her møtte han kjærasten Juliana Bonin frå Vang som master i tradisjonell metallkunst, og saman flytta dei altså til Vennis og Vang før jul.

Eg vil ha brød - kva gjer eg?

Tysdag og fredag er dagar for baking og utkøyring no i starten. Både heimlevering i postkasse og henting på avtalt plass er alternativ.

Det er tre variantar å velje mellom som båe nytter berre økologisk mjøl:

Landbrød, 850 gram ( kr. 50,-)
Inneheld: sikta kveite, sammale ølandskveite, sammale spelt, surdeig*, salt)

Vennisbrød, 850 gram (kr.55,-)
Inneheld: sammale spelt, sikta kveite, surdeig, salt)

Grovbrød heilgrovt, 850 gram (kr 55,-)
Inneheld: Sammale svedjerug, sammale spelt, sikta kveite, solsikkekjerner, surdeig og salt)

Legg inn bestilling til hansmmhus@gmail.com eller på tlf: 47254166 seinast to dagar før baking (handverksbakst skal ha lang hevetid..)

Betaling skjer med VIPPS til nummer 47254166 eller med kort/kontant ved levering. For alle som set seg opp til fast abonnement kan ein betala kvar månad. 

Nettsida vennisbakeriet.no er oppe å gå i løpet av kort tid. 

Og ja, godt bekrefta rykter frå prøvesmaking lover saftig surdeigsbakst med sprø skorpe.