Nyheit

Hekling og strikking - utstilling og kurs

  Nyheitsarkiv
19. mar 2018
Velkommen til ustilling og kurs! Foto: Mariann Svingen

Dei neste vekene blir det fokus på handarbeid på Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral.

Laurdag 24. mars kl. 14.00 opnar utstillinga Kreativ med garn, der Marit Gjærdingen, Ingebjørg Wigdel, Ingrid Thorpe, Nora M. B. Svingen og Mariann Svingen stiller ut sine hekle- og strikkeprosjekt.

- Vi ynskjer å inspirere dei som kjem til å leike seg med ulike fargar og teknikkar, vi vil gje folk skaparglede. Det er berre fantasien som set grenser, seier initiativtakar Mariann Svingen og utstillingsansvarleg Marianne Isachsen.

Tysdagar og torsdagar i tre veker etter påske arrangerer vi også både hekle- og strikkekurs, med henhaldsvis Mariann Svingen og Marit Gjærdingen. Kursa er for nybyrjarar, men alle er velkomne, og kursa er gratis.

Meir info finn du på nettsidene til biblioteket og frivilligsentralen.