Nyheit

Husbyggjarkveld på Mjøsvang kafe

  Nyheitsarkiv
06. apr 2017
Frå grunnarbeid til ferdig hus - du er avhengig av gode samarbeid med mange fagfelt for å byggje hus.
Onsdag 19. april

Onsdag 19. april er det husbyggjarkveld på Mjøsvang kafe klokka 19:00. Alle relevante fagfelt for eit husprosjekt stiller opp på arrangementet, som er eit uformelt informasjonstilbod til alle med byggjeplanar dei neste åra.

– Det er minst ti bustader som vert bygd i Vang i løpet av året noko som er positivt på absolutt alle måtar. Kvart hus legg att millionbeløp hjå lokale handverkarar, så det å vera godt informert om kva som skal til for gode samarbeid er ein fin start på byggeprosjektet, seier Ingrid Wigdel i Vang Sparebank.

Saman med Hallgrim Rogn i Innovangsjon kjem ho til å leie praten denne kvelden.

Tre spørsmål

Alle fagfolk som kjem er utfordra på tre hovudspørsmål i forkant av kvelden.

  • Kva trengs for at det skal vera mogleg å koma med eit pristilbod til ein husbyggjar?
  • Korleis kan ein husbyggjar førebu at du/dykk kjem for å utføre arbeidet?
  • Korleis bør ein husbyggjar følgje opp når du/dykk er på plass for å gjera jobben?

– Det vert lite høgtideleg og låg terskel for spørsmål frå både oss og alle som kjem denne kvelden, sier Wigdel.

Mange med

Etter ein open invitasjon til alle har det vore god oppslutning frå dei næringsdrivande i Vang til husbyggjarkvelden.

  • Landskapsarkitekt Ingrid Skavhaug
  • Tveitabru bygg
  • Ryfoss Betong
  • Vang Bygg
  • TK Totalbygg
  • Hemsing Maskin
  • Vang Grave & Transport
  • Haugrud vassborring, Vann og energiborring
  • Lage Gjevre
  • Vang Rør
  • Elektromontasje
  • Monter Kvismo
  • Tyin VVS
  • Jevne bygg AS

– Representantar frå samme bransje er ikkje konkurrentar denne kvelden, men kjem til å svare saman på dei tre hovudspørsmåla, samt det husbyggarane som kjem lurer på, fortel Wigdel.

Ved sidan av dette kjem Vang Sparebank til å informere om lånerutinar, samt at Innovangsjon oppdaterar på tomtetilbodet i kommunen.

Kvelden er eit samarbeid mellom Vang sparebank og Innovangsjon. Kaffi og kake til både husbyggjarar og entrepenørar.

– Også uttabygds og hytte-byggarar er sjølvsagt velkomne på kvelden, legg Wigdel til.