Nyheit

Innhaldsrik næringsfrukost på Mjøsvang

  Nyheitsarkiv
15. mar 2017
Lokal handel og bedriftspresentasjonar i fokus

Onsdag 15. mars var det næringsfrukost på Mjøsvang Kafé. Dei nesten tretti fremmøtte fekk høyre presentasjonar frå elleve bedriftar, samstundes som dei kunne nyte ein betre frukost-buffét frå Mjøsvang. 

Lokal handel var i fokus denne morgonen, og vi fekk fleire eksempel på korleis dette kan fungere i praksis. I tillegg var  mykje tid sett av til å presntere nye bedrifter og bedrifter som har markert seg det siste året.

  • Frisk Forlag (Ny i Vang)
  • Henrik Ibsen/I Am (Ny i Vang)
  • Outtt (Veks mot verda)
  • Vang Rør (Nye eigarar)
  • Vinjerock (Best i landet 2016)
  • Montér (Best i landet 2016)
  • Vang Auto-service (Best i landet 2016)

Ordførar Vidar Eltun orienterte om aktuelle saker i kommunen, mellom anna framdrift i utbygginga av E16 og bustadtomtregulering. Vang Sparebank i samarbeid med Innovangsjon lanserte «husbyggjarkveld» og inviterte næringslivet til å bidra. 

.............................

Om du ynskjer å koma på framtidige næringsfrukoster, ta gjerne kontakt med næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot; daginge@vangivaldres.no