Arve Wangensteen (Vang Autoservice AS) , Bjørn Johnsen (Innovasjon Norge), Dag Inge Bruflot (Innovangsjon), Ragnhild Lund (Henrik Ibsen AS), Randi Ødegården (Beitegeit), Berit Lokreim (Beitegeit) og Anne Mette Iversen (Innovasjon Norge)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Innovasjon Norge til Vang

Innovasjon Norge til Vang

23. november 2017

Innovasjon Norge følger tett med på det som skjer i gründerbygda Vang. Onsdag fekk dei presentert sju prosjekt i startgropa.

– Vi følger med på det som skjer i Vang og vi la merke til dei mange ideene som kom på bordet frå Vang under StartUpp Valdres. Difor passa det godt med ein tur til Vang for å lære litt og sjå korleis vi kan bidra til å få realisert ulike prosjekt, sa Anne Mette Iversen, seniorrådgjevar hjå Innovasjon Norge Innlandet.


Saman med kollega Bjørn Johnsen var dei i samtalar med fire bedrifter og tre prosjekt heilt i startgropa i løpet av ein hektisk ettermiddag i Vang.

Framoverlent miljø

Vang har markert seg som ei gründerbygd med særleg mange nyetableringar dei siste tre åra. Samstundes spring det mange prosjekt ut frå godt etablerte bedrifter i kommunen.

– Vi prioriterte bedrifter med idear på gang som ikkje allereie har noko gåande hjå Innovasjon Norge, informerer næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.

Både varesal, turisme, landbruk, kultur og teknologi var på bordet gjennom dagen.

– Her er bedrifter som vil satse og det opnar moglegheiter hjå Innovasjon Norge. No er dialogen i gang og vi reknar med at fleire av prosjekta vert realisert i løpet av 2018 med Innovasjon Norge med på laget.

Har du ein ide du vil arbeide videre med og realisere? Kontakt næringsutviklar i Innovangsjon Dag Inge Bruflot. daginge@vangivaldres.no // 958 73 757