Laurdagskos (15 of 16).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Intim laurdagskos

Intim laurdagskos

25. april 2017

Ekte argentinsk mat akkompagnerte ein time «Gatelangs i Buenos Aires» var rammene for ein intim versjon av laurdagskos på Fielfjellstuene.

Kveldens hovudattraksjon stod Nina Bendiksen og Oddbjørn Skeie for. I sin timeslange tangokonsert «Gatelangs i Buenos Aires» var både gitarspel og song var på særs høgt nivå.

Empanada finn over alt i Argentina og det høyrde naturleg heime som mat denne kvelden. Retten er kjøtt og grønsaker som vert pakka inn i deig før det vert steikt. Det var fyrste gong kjøkkenet på Filefjellstuene prøvde seg på denne, men resultatet vart «minst like god som i Argentina» påstod dei som har testa ut retten tidlegare.

Etter mat og konsert tevla sju kvisslag tevla i «Argentina», «hovudstader i Sør Amerika» og «dialektuttrykk», før kvelden vart avslutta med pratefest i baren på Filefjellstuene for dei tretti frammøtte.