Nyheit

Jostein Gaarder til Vang

  Nyheitsarkiv
18. sep 2017
Jostein Gaarder kjem til Vang folkebibliotek! Foto: Kimm Saatvedt
Bokbad 27. september

27. september kl 19:00 blir Jostein Gaarder bokbada av Kirsti Baggethun på Vang folkebibliotek.

Jostein Gaarder (1952) er utvilsamt ein av Norges mest internasjonale forfattarar. Han har ein brei litterær produksjon bak seg, med over 20 bøker, både romanar og faglitteratur, mange av dei for born og ungdom.

Han fikk sitt store gjennombrot i 1991 med boka Sofies verden. Boka fikk enorm merksemd og strålande kritikkar, den vart oversett til over 50 språk, og er komen i nesten 50 millionar eksemplar.

Dei aller fleste av dei andre bøkene hans er også blitt internasjonale suksessar, i tillegg har han fått ei rekke prisar og er æresdoktor ved Trinity College i Dublin. Men framfor alt er han en formidlar som når fram til nesten alle slags menneske i alle slags land.

Kva er grunnen til dette, og kva er grunnen til at ei bok om filosofi kan bli så populær som hans Sofies verden? Dette vil Kirsti Baggethun spørje forfattaren om under bokbada i Vang 27. september. Om det og om mange andre ting - om hans utrulege suksess ute i verden, om hans seinare bøker, og om korleis han ser på verda i dag.

Kirsti Baggethun, som har røter i Vang og dessutan tilbringar alle sine feriar der, har oversett samlege av Gaarders bøker og opptrådt saman med ham fleire stader ute i verden.

Velkommen til bokbad – det er fri entre og det vil bli servert kaffi og kringle.