Høre mannskor er på plass for å sikre maksimal julestemning i Ryfoss under «Julegateøfninga»
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Julegate

«Julegateøfning i Føsse»

24. november 2015

Fyrstkommande fredag er det klart for ein familievennleg kveld i Ryfoss med opning av årets julegate.

– Godt samarbeid mellom handelsstanden og lokale lag er grunnmuren i arrangementet. Og vi håpar på mange små og store som kjem for å vera med å skape stemning og lage ein triveleg kveld i Føsse, fortel Inger Kongslien Tveit i arrangørgjengen.

– Fyrst vert det nedtelling og alle lys blir tent på likt. Det betyr juletreet, dekorasjonar i begge endane av julegata, samt stjerna oppå Utsikten, fortel Tveit.

Etter dette er det klart for «Nissemarsj». Runda går via Putten og byggefeltet og alle dei minste som deltek får sjølvsagt nissemarsjmedalje av representantar frå idrettslaget.

– Høre mannskor kjem også, og vil gje oss maksimalt julestemning denne kvelden!

Ellers er dette kva opninga har å by på
  • Butikkane held øpe te kl 2000 – goe tilbud hjå alle, også peparkako og gløgg.
  • I år som i fjor har me julequiz – eit julespørsmål hjå alle og det er fine premiar.
  • Frisørsalongen har dropp inn frå kl 1600 – 2000.
  • På treningssenteret er det gratis trening for alle, og ”spasenga” er også gratis.
  • Belindas hud og velvære stiller inne på Føsse fotostudio, der ein kan bestille time.
  • Føsse fotostudio har øpe, der fotograf Cristina har gode tilbod. Kontakt henne for avtale.
  • Sara`s kafe er open til kl 2000. Denne kvelden er det kjøp tre betal for to på sambosa, vårrullar og minipizza.
  • YX – bensinstasjonen har halv pris på gullvask fram til kl 1730.
  • Frå kl 2100 er det varmt og godt på Utsikten. Der bli det kos og tullprat for dei vaksne..

– Vi håpar me på like godt oppmøte som i tidlegare år, avsluttar Tveit.

Høre Røde Kors, Ryfoss Vel, Høre/Ryfoss il, YX Ryfoss, Joker`n, Annema frisør, Ryfoss treningssenter, Belindas hud og velvære, Føsse studio og Sara`s kafe samarbeidar om arrangementet.