12248190_1271785012838984_7748924325635689011_o.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Julemarknad

Lokal kvalitet på julemarknad i Øye

09. november 2016

Lokale produkt i alle kategoriar er suksessoppskrifta til julemarknaden i Øye 19. og 20. november.

Marknaden har etablert seg som eit av høgdepunkta i førjulstida der ein enkelt kan sikre seg den beste julematen og dei mest særprega julegåvene.

I år får du mellom anna tak i dette på marknaden:

  • Lefse
  • Lefsekling
  • Kransekake
  • Julebakst
  • Julemat
  • Spekepølse
  • Ost
  • Gele
  • Chutney
  • Treak
  • Røykt aure Strikk
  • Saum
  • Nisser
  • Vangsgenser
  • Vev
  • Toving
  • Trearbeid
  • Lærarbeid
  • Sylvsmykke
  • Engler
  • Knivar
  • Tradisjonsmat
  • Tekstil
  • Måleri
  • Skinn
  • Keramikk
  • Møbelrestaurering
  • Låverosa

I tillegg er gjesteutstillar «made in Valdres» frå Beitostølen på plass med trearbeid og Inkavev.

Opningstid er 11-16 laurdag og 12:30-16 sundag. 

Salg av lapper og kaffi ved Grindaheim Røde Kors hjelpekorps.

Sundag vert det også gudsteneste i Øye kyrkje frå kl. 11.00 – 12.00 ved sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland.