jpg kart lav.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kartutstilling

Unike kart på biblioteket

19. januar 2015

Unike kart over Kongevegen over Filefjell synast fram Vang folkebibliotek denne våren. Onsdag 21. januar er det klart for utstillingopning med foredrag, hardingfelespel og kringle. 

Bakgrunnen for utstillinga er at det våren 2014 vart  funne att ei rekkje handteikna kart frå byrjinga av 1800-talet som dekka store deler av hovudvegane på Austlandet. På denne tida var kysten det primære og dei kystnære vegane relativt godt dokumentert, medan innlandsvegane blei prioritert ned og få detaljerte vegkart laga. Funnet av desse nye karta gjev ein unik moglegheit til eit djupare innblikk i innlandsferdsla i Noreg.

Blant karta var ei samling på 43 ukjende kart over Den Bergenske Kongeveg – som Kongevegen over Filefjell er ein del av. Dei vart oppmålt og teikna av Carl Christian Buchholz (1787-1849) i 1819, kring 25 år etter at strekninga over Filefjell sto ferdig. Karta er i ein målestokk på 1:20000, og syner heile strekninga innanfor det tidlegare Akershus stift, frå stiftsgrensa på Filefjell og like ned til Christiania. Dei blei teikna før ein starta opp med dei store omleggingane av Kongevegen utover på 1800-talet, og er den einaste kartfestinga ein kjennar til av heile den opphavlege Kongevegtraseen.

På den offisielle opninga vil Jan Adriansen, prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, fortelje litt om prosjektet og Kongevegen. Deretter vil Benedicte Gamborg Briså frå Nasjonalbiblioteket halde eit foredrag om tidleg kartlegging av innlands-Norge, spissa mot veghistorie og vegkart. Jørgen Andrisson Kvam vil spele og det blir kringle.

Grip sjansen til å sjå karta medan dei er stilt ut på Vang folkebibliotek!

Utstillingsopning av 43 unike handteikna Kongevegkart frå 1819 på Vang folkebibliotek 21. januar kl 19.30.