Nyheit

Klart for Filefjellsdagane

  Nyheitsarkiv
31. jul 2018
  • Aagot Monsen driv Kyrkjestølen på sumaren og er initiativtakar til Filefjellsdagane frå 4.-12. august.
  • Det vert høve for mat og overnatting på Kyrkjestølen for den som ynskjer det gjennom veka.
  • Kyrkjestølen og nærområdet på Tyin-Filefjell er arena for alt som skjer under den nye festivalen.
  • Det vert både konsert, guiding, gudsteneste og utstilling i St. Tomaskyrkja under Filefjellsdagane.
Ny kultur– og aktivitetsfestival på Tyin–Filefjell 4.-12. august

– Vi ynskjer å laga ein møtestad for kultur og marknad frå aust og vest, nord og sør, fortel Aagot Monsen som driv Kyrkjestølen ved sidan av å vera initiativtakar til den nye festivalen.

Kyrkjestølen og nærområdet på Tyin–Filefjell er arena for festivalen som altså startar laurdag 4. august og held på til sundag 12. august.

Mykje på programmet

Tradisjonell bruk av fjellet er grunnlaget for festivalen, noko som betyr eit vidt spenn av aktivitetar gjennom veka.

– Her er tilbod for barn, ungdom og vaksne innan tema som mat, husflid og musikk ved sidan av fleire turar, fortel Aagot.

Sjekk fullstendig program (NB, riding laurdag utgår.)

Konsert og marknadsdag

Avslutningshelga 11. og 12. august er dei dagane det skjer aller mest på Kyrkjestølen.

– Laurdagen er det både marknadsbodar, utstilling i St. Tomaskyrkja, ope støl og barneaktivitetar som hundekøyring og båttur/kanopadling. Dagen vert avslutta med eit musikalsk møte mellom aust og vest der Vangskoret, Håkon Høgemo, Jørgen Andrisson Kvam, Oddbjørn Skeie og Bjørg Berge er av dei som deltek, fortel Monsen.

Ryktet seier at både ordføraren i Lærdal og ordføraren i Vang også tek turen. Det same gjer tidlegare samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Sundagen er det guida tur langs Kongevegen og fellestur frå Sletterust til Kyrkjestølen, samt messe og omvising i St. Tomaskyrkja.

Følg festivalen på facebooksida til Kyrkjestølen. 

Velkommen til fjells!