Landskapsarkitekt Nina Rieck kombinerar arbeidsdagar for Asplan Viak på Kontorfellesskapet 1724 med hytteliv på Slettefjellet i Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kombinerer arbeidsliv med hytteliv

Kombinerer arbeidsliv med hytteliv

18. mai 2018

Landskapsarkitekt Nina Rieck bur på hytta i mai samstundes som ho jobbar på Kontorfellesskapet 1724.

- Det har fungert særs godt å jobbe frå Vang så langt. Eg har tilgang til alle system eg treng, og har vore på kontora våre i både Bergen og Oslo for arbeidsmøte. Ellers gjer kombinasjonen av telefon, Skype og e-post at kommunikasjon med kollegaer og kundar er heilt uproblematisk, fortel Nina Rieck.



Ho jobbar for konsulentfirmaet Asplan Viak. Dei har om lag 900 tilsette og 31 kontor og er med det eit av dei største rådgjevande arkitekt-og ingeniør-firmane i landet.

Med spesialfelt «lokalklima» er Rieck involvert i selskapet prosjekt over heile landet. Til dømes kopla NTNU ho på utviklinga av det nye bustadfeltet på Hensåsen for å sjå på samanhengen mellom uteklima og inneklima.


– Levande miljø

Rieck kom til Vang på slutten av 90-talet og jobba eit år som kommuneplanleggjar og miljøvernkonsulent. Etter dette opphaldet vart det naturleg å kjøpe seg hytte i Vang. Valet falt på Slettefjellet.

- Eg er så mykje som mogleg på hytta, sjølv om reisevegen frå Trondheim avgrensar det noko. Særleg på vinterstid. At eg no kan bruke hytta meir og samstundes ha effektive arbeidsdagar er gull verdt for meg, fortel Rieck.

Ho feira mellom anna nasjonaldagen med ein skitur til Tjørobytta i lag med sambuaren og labradoren Vega. Ved sidan av å bruke Vangsnaturen aktivt følgjer ho godt med på kommunen. 

– Det har skjedd mykje i Vang dei siste åra og eg har særleg merka meg Eldmølla og dei andre byggjeprosjekta i lag med NTNU. Eg ser også at det stadig er nye folk innom her på Kontorfellesskapet 1724, og tykkjer det er artig å koma utanfrå og raskt bli ein del av eit levande miljø, avsluttar Rieck.