Nyheit

«Kongedag» for Kongevegen over Filefjell

  Nyheitsarkiv
26. feb 2018
Alle som brenn for Kongevegen over Filefjell finn vegen til Tyinkrysset fjellstove torsdag 8 mars.
Samarbeid mellom aust og vest

Aktørar på båe sider av fjellet står saman om eit bransjetreff for Kongevegen over Filefjell med særleg fokus på vandre- og sykkelturisme.

 «Kongedagen» er det kledelege namnet på dagen som bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell står bak på Tyinkrysset fjellstue 8 mars.

- Kongevegen er ein X-faktor for reiselivet i både Valdres og Sogn og vi lyt arbeide saman for å løfte fram potensialet som ligg i vegen. Difor ynskjer dreg vi i gong denne årlege samlinga for alle som er involvert i vegen på den eine eller andre måten, fortel Knut Maristuen, leiar av kongevegnettverket.

Eit tjuetals bedrifter i Vang og Lærdal er med i nettverket. Med seg på arrangementet er også båe kommunar, destinasjonsselskap, samt Valdres Natur og Kulturpark, Lærdal næringsutvikling og Innovangsjon.

Sykkel og vandring

Det er særleg fokus på sykkel og vandring på den fyrste Kongedagen.

 – Haaken Christenensen frå Innovasjon Norge innleiar dagen med å snakke om dette, og vi held fram med å få innspel frå andre regionar som har lukkast. Fleire av innlegga vidare gjennom dagen går på potensialet i desse opplevingane, fortel Maristuen.

Det vert også paneldebatt, ordførarinnlegg og fleire både regionale og nasjonale aktørar på talelista.

Fullstendig program

Tid: 8. mars 2018 kl 10.00- 17.00
Sted: Tyinkrysset Fjellstue, Filefjell
Mål/målgruppe: Møteplass for aktører og involverte.

1000 Velkommen v/ Knut Maristuen, Leder i Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell SA
1030 Vandre- og sykkelturisme v/ ved Haaken Christensen, Innovasjon Norge
1100 Europa Nostra –pris – hvilken betydning har det for Kongevegen over Filefjell? Europa Nostra Norge v/ uavklart
1145 Beinstrekk
1200 Kan kongevegen bli en motor for reiselivssatsinga i fylket? v/ Trond Carlson, Regionalenheten i Oppland Fylkeskommune
1240 Er vandre- og sykkelopplevelsene våre gode nok for det internasjonale markedet?v/ Merete Hovi fra Visit Valdres
1300 LUNSJ
1350 Kulturinnslag
1400 Kongevegen for grunneiere v/ Aud Kvåle, Vang og Dagfinn Hegg-Lunde, Borlo
1420 Kongevegen som næring
– Potensialet sett fra næringsselskapene i kommunene v/ Innovangsjon og Lærdal Næringsutvikling
– Vandring/sykling og opplevelser i pakker v/Magne Grihamar (TFU) og Helene Maristuen
– Vandreturisme over Dovre v/ uavklart
1520 Beinstrekk
1540 Paneldebatt – Kongevegen som internasjonal l attraksjon – greier vi leve opp til forventningene?
Innovasjon Norge, Visit Valdres, Næringsselskapene i kommunene, Fylkeskommunen, Statens Vegvesen
1640 Sluttord v/ Jan Geir Solheim, ordfører i Lærdal og Vidar Eltun, ordfører i Vang
1700 Middag
17.30 Årsmøte Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell

Påmelding for seminar og påmelding for middag: 1. mars

Deltakeravgift: Kr 200,- (ink Lunsj)
Tillegg middag for gjester: Kr 250,-